03/07/2020

Økonomisjef

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Administrasjon - Økonomi Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 12.08.2020

Då noverande økonomi-/IT-sjef skal gå av med pensjon, søker Stryn kommune ny økonomisjef. 

Som økonomisjef vil du få ei nøkkelrolle i å vidareutvikle Stryn kommune som kompetanseorganisasjon. Du får ei sentral strategisk rolle og inngår i kommunedirektøren si toppleiargruppe. I  tillegg blir du ein viktig støttespelar for kommunalsjefar og andre leiarar. Stillinga rapporterer til kommunedirektør.

Ansvarsområdet er kommunen si strategiske økonomistyring samt den operative leiinga av kommunen si økonomiavdeling. Avdelinga leverer tenester til heile kommuneorganisasjonen. Vi har store ambisjonar for den vidare utviklinga av avdelinga og økonomisjefen vert sentral i dette arbeidet.

Vi søkjer ein kollega som kan utvikle organisasjonen Stryn kommune som tenesteleverandør og vere ein pådrivar i bruk av ny teknologi, samt å ha fokus på strategisk organisasjonsutvikling for å nå framtidige mål.   

I tillegg til fagleg tryggleik og kunnskap vil det også vere avgjerande at du som økonomisjef har eigenskapar som gjer at du kan vere sentral i vårt utoverretta arbeid og ha ei synleg rolle i vår organisasjon.  

Arbeidsoppgåver
• Leie og vidareutvikle økonomiavdelinga. I dette ligg fullt fag-, personal- og økonomiansvar
• Strategisk planlegging, utvikling og rådgjeving innan økonomiområdet
• Arbeid med finansiering (operativt og strategisk) for den kommunale aktiviteten
• Initiere og delta i utviklingsarbeid i kommunen

Kvalifikasjonar

Utdanning på masternivå relevant for fagområdet. Kandidatar utan master vil verte vurderte om ein har anna relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå og særskilt relevant praktisk erfaring

Solid erfaring innan økonomifunksjon, gjerne frå kommunal eller annan offentleg sektor. Bakgrunn både frå strategisk og operativt arbeid innan fagområdet er ønskjeleg

Personlege eigenskapar
• Godt humør og vilje til å delta i å skape ein god arbeidsplass i den beste kommunen 
• Omgjengeleg i møte med andre leiarar, tilsette og innbyggjarar
• Strategisk og analytisk, men ikkje i så stor grad at det går utover evna til å iverksette og levere
• Samlande og truverdig som leiar 
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr

• Ei strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft i ein organisasjon i utvikling 
• Spennande leiar- og utviklingsutfordringar i ein stor organisasjon
• Ein sentral plass i ein organisasjon med dyktige og ambisiøse medarbeidarar og leiarar
• Eit ordna, men hektisk og dynamisk arbeidsmiljø 
• Løn etter avtale. Gode pensjonsvilkår. 

Kontaktinformasjon

Rune Hovde
Kommunedirektør
9064 0051

Nils Petter Hauge
HR-sjef
9909 8112

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!