26/06/2020

Helsefagarbeidar heimetenesta

  • Osterøy kommune
  • Osterøy, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 16.08.2020

Heimetenesta i Osterøy kommune har ledige 50% stillingar som Helsefagarbeidarar, med arbeid kver 3.helg frå og med 01.10.2020.

Heimetenesta  yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til nødvendig helsehjelp i henhald til helse- og omsorgstenestelova. Me har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din fagkompetanse og det er moglegheitar for viderutvikling. Heimetenesta er i stadig utvikling, og er i gong med fleire spanande prosjekt som velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering,digihelse og er i planleggingsfasa til omsorg +. I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innanfor ulike fagfelt, til dømes palliasjon.

Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.

Øya har nydeleg natur frå fjord til fjell. 

Arbeidsoppgåver:

- Omsorg til menneske i deira eigen heim

- Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressusar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)

- Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.

- Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand

- Samarbeid med pårørande

- Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar 

Kompetanse:

- Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar

- Fordel med relevant viderutdanning, men ingen krav

- Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nytter CosDoc som dokumentasjonsprogram)

- Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar:

- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

- Ansvarsbevisst

- Fleksibel og endringsvilleg

- Viser omsorg for andre

- Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande

- Punktleg og stukturert

- Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt 

Vi tilbyr:

- God opplæring

- Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling

- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

- Løn etter tariff 

Anna informasjon:

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Førerkort klasse B er påkrevd

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.

Kontaktpersonar:

Anne Berit Skjelfjord Jørgensen
tlf: +47 56192613
mob: +47 40806942

Anne Lise Teigland
tlf: +47 56192767

Linda Tepstad
tlf: +47 56192781
mob: +47 96625204

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!