26/06/2020

Avdelingsleiar i heimetenesta, 100% fast

  • Etne kommune
  • Etne, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 19.07.2020

Søkjer du nye utordringar? Vår avdelingsleiar i heimetenesta har fått ny stilling i kommunen og me søkjer derfor etter ny avdelingsleiar i 100% fast stilling. Heimetenesta gjer naudsynt helsehjelp og praktisk bistand etter tildelte vedtak om helse og omsorgstenester. Ein spennande og utfordrande stilling. Velkommen som søkar.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for leiing, fagleg overordna ansvar, oppfølging av økonomi- og ressursstyring, planlegging og utvikling av avdelinga i tett samarbeid med einingsleiar, fagansvarleg og avdelingsleiar for institusjon. Heimetenesta har ca 30 årsverk tilknytt avdelinga. Rapportera til einingsleiar pleie- og omsorg.

kompetanse:

Det er eit krav om :
- autorisert sjukepleiar
- leiarerfaring og /eller utdanning innan leiing
- Førarkort kl B
- beherske norsk både munntleg og skriftleg
- God kjennskap og erfaring med turnus arbeid.

Det er ønskeleg med :
- videreutdanning / erfaring innan endringsleiing/relasjonsleiing
- erfaring frå arbeid med kommunale omsorgstenester
- god økonomiforståing
- god kjennskap til dataverktøy

Personlege eigenskapar

Me søkjer fleksibel og serviceinnstilt leiar som har stor arbeidskapasitet og evne til å utvikle sine medarbeidarar og tenesta. Det vert vektlagt at ein har god evne til å samarbeide, godt humør og arbeidslyst, og ein må kunne jobbe sjølvstendig. Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing.

Annan informasjon

4 veker sammenhengende sommarferie
MOT kommune
Eit godt arbeidsmiljø

Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule, pleie og omsorg og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.

Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.

Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.

Søknad skal sendast

Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.

Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Kontakter

Navn: Doreen Halleland
Tittel: Avd.leiar
E-post: doreen.halleland@etne.kommune.no 
Mobil: 94142397

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!