26/06/2020

Vernepleiar, Open omsorg Høyanger

  • Høyanger kommune
  • Høyanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 09.08.2020

Open omsorg (heimesjukepleie/heimehjelp/psykiatri og teneste for psykisk utviklingshemma) i Høyanger er lokalisert i helsesenteret i Høyanger sentrum. Arbeidsområdet innan PU –tenesta er Høyanger/Kyrkjebø og Vadheim.

Vi har ledig 100% fast stilling frå snarast ved teneste for psykisk utviklingshemma. Arbeidstid er hovudsakleg på dagtid men ein må pårekne noko arbeid på ettermiddag/helg. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • planlegging av tenestetilbod til den einskilde brukar 
  • rettleiing til anna personale innan PU-tenesta 
  • følgje opp brukarar av tenestetilbodet i dagleglivet 
  • koordinering og sakshandsaming for PU-tenesta i kommunen

 

Vi ynskjer søkjarar som:

  • fortrinnsvis har utdanning som vernepleiar evt. anna relevant høgskuleutdanning 
  • har førarkort kl B
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta
  • kan vere fleksibel og samarbeidsvillig
  • har grunnleggjande datakunnskap og har god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk

 

Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest. Løn etter gjeldande tariff og gode pensjons og foriskringsordningar.

Kontaktpersonar:

Oddveig Eide (frå veke 30)
mob: +47 99219305

Stine Tufte (tom veke 29)
mob: +47 99219315

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!