23/06/2020

Sakshandsamar 100% fast Heimeteneste Nord

  • Kvinnherad kommune
  • Rosendal, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Saksbehandler

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 09.08.2020

Omtale av stillinga

Heimeteneste Nord søkjer sakshandsamar i 100 % stilling, dagtid, med arbeid kvar 3. helg knytt til tenesteyting i heimebaserte tenester.Heimeteneste Nord yt tenester til heimebuande, både i eigen heim, i bufellesskap og omsorgsbustader.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak sakshandsaming kring søknadar og evalueringar av helse- og omsorgstenester. I tillegg inneber stillinga ansvar for fagutvikling og intern opplæring av tilsette i eininga.

Kvalifikasjonar

- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Kunnskap og kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester
- Norsk skriftleg og munnleg
- Det er ei føremon med erfaring frå arbeid med sakshandsaming
- Søkjarar må ha sertifikat til klasse B og disponera eigen bil

Personlege eigenskaper

- Du må ha gode samarbeidsevner med både brukarar av tenesta og arbeidskollegaer.
- Evne til å skape trygghet, gode formidlingsevner, god vurderingsevne og vera relasjonsskapande.
- Du må har evne til å sjå heilskapen hos brukar.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg.
- Må kunna stå i krevjande situasjonar.

Vi tilbyr

- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Tilbyr spennande og varierte faglege utfordringar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Kontakter

Navn: Line Soltveit
Tittel: Avdelingsleiar
E-post: line.soltveit@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 93248996
Arbeid: 53475931

Navn: Ellen Korsvold
Tittel: Einingsleiar
E-post: ellen.korsvold@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 95768175

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!