12/06/2020

Fastlegestilling

  • Gloppen kommmune
  • Gloppen, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Lege

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 15.08.2020

Fastlegeheimel med listetak på 850 pasientar ved Gloppen legesenter med mulighet for fastlønn eller næringsdrift etter ønskje.

Stillinga er ledig frå 01.11.2020, med muleg oppstart før ved behov

Kvalifikasjonar

Vi søkjer en spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer til tilsetting i LIS 3 stilling i allmennmedisin.

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS 1
  • Motivasjon for å bli spesialist i allmennmedisin
  • Gode kommunikasjonsferdigheter på norsk, både skriftlig og muntleg.

Personleg eignaheit, interesse og kunnskap vil bli vektlagt. Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel.

Vi tilbyr:

  • Legesenter i lyse lokalar, bygd i 2012 og plassert i kommunesenteret på Sandane med utsikt over gloppefjorden.
  • Sju erfarne fastlegar i 30-40 årene som har vore på legesenteret mellom 4 og 15 år. LIS 1 lege. Lang erfaring med rettleiing av legar i spesialisering.
  • Hjelpepersonell med 3 sjukepleiarar, 2 helsesekretærar og 1 bioingeniør - totalt 5 årsverk.
  • Eit velutstyrt laboratorium.
  • Fleire skiftestover.
  • Godt arbeidsmiljø med felleslunsj dagleg med alt personale samt vekentlege legemøte.
  • Godt samarbeide med den kommunale helsetenesta.
  • Legevakt lokalt i Gloppen kommunen. 10 delt (ca 3 vakter pr mnd). Heimevakt med på snitt 4-6 henvendingar pr vakt.

Lønns- og arbeidsvilkår

Sjølvstendig næringsdrivande i kommunalt dreve legesenter. Null avtale dvs at basistilskot går direkte til kommunen og at inntekt frå takstar går direkte til legen. Kommunen kan ifølge sentrale avtaler disponerer inntil 20% av stillinga til kommunalt arbeid.
Det vil bli opna for at legar som er under spesialistutdanning i allmennmedisin kan få fastlønn fram til endt utdanning.

Det blir stilt krav om tilfredsstillande politiattest i tråd med helsepersonellova.

Sjå informasjon om kommunen under. Søk også på følgjande i sosiale medier : #nordfjordaktiv #gloppenertoppen #trivselsskogen #trivselshagen

Kontaktinformasjon

Thomas Hebard, Leiar for legetenesta, 57 88 44 40

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2020
Søknadsfrist: 15.08.2020

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!