08/06/2020

Ledig stilling som nattevakt og helsefagarbeider/hjelpepleiar

  • Nissedal kommune
  • Treungen, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 19.06.2020

Eining for omsorg har ledige stillingar som nattevakt og helsefagarbeider/hjelpepleiar.

Nattevakt 2 stk. faste prosjektstillingar på 66% kvar, ledig frå 01.09.20. – id 578

Nissedal Kommune har oppretta eit nattevaktsteam rundt ein brukar i eigen kommune. Nattevaktsteamet dekker behovet kvar natt året rundt i nattevakter med vaktlengde på 10–11 timar. Stillingane er faste, men knytt til prosjektet. Så dersom behovet hos brukaren fell bort, vert stillingane avvikla, og vil ikkje gje atterhald om andre stillingar i kommunen verken i prosjektet eller dersom prosjektet vert avvikla. 

Ta kontkat for fleire opplysningar rundt prosjektet og/eller stillingane.
 
Kvalifikasjonar:
  • Personlege eigenskapar
  • Førarkort Kl. B 
 
Ønska kvalifikasjonar:
  • Helsefagarbeidar eller liknande fagkompetanse
Personar med anna relevant kompetanse/praksis eller ufaglærte kan og søke, då full opplæring vil bli gitt og kan bli tilsett fast i prosjektet.
 
Vi ynskjer for desse stillingane personar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og som er positive og fleksible. Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.
 
Nærare opplysningar om desse stillingane får du ved å kontakte 
  • Leiar  ved Nissedal Omsorgssenter, Arne Hansen Espebu, på tlf. 350 48452/992 64 494
  • Avdelingsleiar i heimetenesta, Solveig Nilsen på tlf 470 11 622.
 

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, 90% fast stilling skjerma avdeling, ledig frå 01.09.20 – id 579
 

Stillingane inneber turnusarbeid med dag og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg. Skjerma avdeling har 6 plassar i ei tilrettelagt avdeling. . Arbeidet er variert og inneber pleie til eldre personar med demenssjukdom i samarbeid med fleire yrkesgrupper. Avdelinga og uteområdet er godt tilrettelagd for pasientgruppa.
 
Kvalifikasjonar:
  • Helsefagarbeider/Hjelpepleiar
  • Personlege eigenskapar
 
Ønska kvalifikasjonar:
  • Erfaring i arbeid med personar med demens
  • Vidareutdanning i demens/geriatri
  • Interesse for å arbeide med pasientgruppa
Vi ynskjer for denne stillinga ein person med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og som er positive og fleksible.  Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.
 
Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige og behandla i same tilsetjingsmøte.
 
Nærare opplysningar om denne stillinga får du ved å kontakte: 
  • Avdelingsleiar på skjerma avdeling, Lena Haugsjå på tlf 350 48 465/906 85 202
  • Leiar  ved Nissedal Omsorgssenter, Arne Hansen Espebu, på tlf. 350 48452/992 64 494. 
 
For alle stillingane gjeld:
Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement. 
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
 
 
Søknadsfrist: 19.06.2020

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!