22/05/2020

Sjukepleiar 70% vikariat i omsorgstenesta Jondal

  • Ullensvang kommune
  • Jondal, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.06.2020

SJUKEPLEIARAR SJÅ HER! KOM TIL ULLENSVANG KOMMUNE

70% vikariat i todelt turnus ledig frå august 2020 - august 2021.

Ullensvang kommune ynskjer deg som sjukepleiar velkommen til naturskjønne Hardanger.

Er du på jakt etter nye utfordringar og vil bu i nærhet av fjord og fjell, er Jondal i Ullensvang kommune plassen for deg.

Er du i tillegg kreativ, positiv og har godt humør, då er det deg me treng med på laget!

Saman skapar me ein god arbeidsplass for alle og tilbyr gode tenester for innbyggjarane i kommunen vår.

Omsorgstenesta i Jondal er ei integrert teneste som består av Vikevollen sjukeheim, med 19 langtidsplassar og tre rom nytta til korttidsplass og palliasjon og Heimebasert omsorg som har base på sjukeheimen. Heimebasert omsorg har og ansvar for eit bukollektiv med 9 rom i samme bygg. I kjellaren har me eige institusjonskjøken med dagleg drift.

Her arbeider ein gjeng med flinke helsefagarbeidarar, assistentar og sjukepleiarar -- med og utan vidareutdanning.

Me legg stor vekt på fagutvikling for å utvikle tenestene våre.

Deling av kunnskap og kontinuerleg forbetring av tenestene gjennom stadig å auke kompetansen, er vårt varemerke.

Som sjukepleiar vil du jobba i eit tverrfagleg miljø, med fysioterapeut, helsefagabeidarar og tilsynslege.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Utføring og oppfølging av sjukepleiaroppgåver
  • Legevisitt og oppfølging etter denne
  • Dokumentasjon og ajourhold i elektronisk pasientjournal, Profil
  • Bidra til kvalitetsutvikling, helse, miljø og sikkerhetsarbeid.

Personlige eigenskaper:

  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig
  • Likar utfordringar
  • Må beherske norsk skriftlig og muntlig
  • Fleksibel

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
  • Kjennskap i bruk av dataverktøy

Ullensvang Kommune kan tilby:

  • Turnus dag/ kveld/ 3. kvar helg
  • Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer
  • Fadderordning for nytilsette
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Internundervisning og fagleg påfyll med høve til vidareutdanning
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • IA bedrift

Lønnsvilkår:

  • Etter HTA
  • Det vert jobba med “rekrutteringspakke”.
  • Politiattest vert krevd ved tilsetting.

Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Silje Selsvik, Mobil +47 90788626, Epost: silje.selsvik@ullensvang.kommune.no

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk her!