08/05/2020

Sjukepleiarar ved Heimetenesta

  • Osterøy kommune
  • Osterøy, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 06.06.2020

Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledige sjukepleiarstillingar i Hauge Omsorgsbustad:

- 100 % vikariat f.o.m. medio august 2020 - 31.10.2021

Heimetenesta har også ledige stillingar med arbeid i utetenesta:

- 2 x 100 % fast stilling frå medio august 2020

- 100 % vikariat frå medio august - 31.08.2021

Hauge omsorgsbustad er ein del av heimetenesta og har tett samarbeid med heimesjukepleien. Hauge omsorgsbustad inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følgjer same retningsliner som andre heimebuande. Sjukepleiaren har eit overordna ansvar på si vakt. Det inneber faglege vurderingar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og bebuarar. Hauge omsorgsbustad har heildøgns bemanning med eigne nattevaktar.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til nødvendig helsehjelp i henhald til helse- og omsorgstenestelova, og vi har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheitar for viderutvikling. Heimetenesta er i stadig utvikling, og er i gong med fleire spanande prosjekt som velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og digihelse. I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innanfor ulike fagfelt, til dømes palliasjon.

Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.

Øya har nydeleg natur frå fjord til fjell.

Arbeidsoppgåver:

- Omsorg til menneske i deira eigen heim

- Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressusar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)

- Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.

- Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand

- Samarbeid med pårørande

- Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.

- Faste møter med fleire samarbeidspartar

Kompetanse:

- Krav om autorisasjon som sjukepleiar

 -Fordel med relevant viderutdanning, men ingen krav

 -Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttår CosDoc som dokumentasjonsprogram)

- Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

- Ansvarsbevisst

- Fleksibel og endringsvilleg

- Viser omsorg for andre

- Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande

- Punktleg og stukturert

- Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

Vi tilbyr:

- God opplæring

 -Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling

- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

- Løn etter tariff

Anna informasjon:

- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

- Førerkort klasse B er påkrevd

 - Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansetting

Link til søknadsskjema: Send søknad 

For mer informasjon kontakt: , Anne Berit Skjelfjord Jørgensen, Tlf: +47 56192613, Mobil +47 40806942, Epost: anne.jorgensen@osteroy.kommune.no

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!