24/04/2020

Sakshandsamar

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Saksbehandler

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 08.05.2020

Vinje helse har ledig 100 % fast stilling som sakshandsamar ved koordinerings- og tildelingskontoret - ID 1771
Søknadsfrist: 08.05.20

Koordinerings –og tildelingskontoret er kommunen si adresse for innbyggjarar og samarbeidspartar som søker informasjon om eller melder behov for helse –og omsorgstenester. Det er kontaktpunktet mellom alle samarbeidspartar i helse og omsorgseininga lokalt, og mot sjukehus og spesialisthelsetenesta.

Ansvaret for tildeling av eit vidt spekter av helse- og omsorgstenestar, ulike støtteordningar, utrekning av eigenandeler og bustadsosialt arbeid er lagt til kontoret. Kontoret skal også bidra til å sikre heilskapelege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar. Kommunen si koordinerande eining er plassert her og har overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar.


Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsame søknader om helse –og omsorgstenester, samt støtteordningar
  • Tildele helse -og omsorgstenester etter gjeldande regelverk
  • Oppgåver relatert til økonomi kan tilfalla stillinga

Koordinerings –og tildelingskontoret er i utvikling og vi søkjer deg som

  • Er engasjert, fleksibel og oppteken av å sjå løysingar i ein hektisk kvardag
  • Trivst med å samarbeide med ulike miljø og samarbeidspartar
  • Jobbar godt sjølvstendig og i team
  • Har evne til å skape gode møter og relasjonar mellom menneske
  • Har gode evner til kommunikasjon - skriftleg og munnleg
  • Er oppteken av kvalitets -og forbetringsarbeid
  • Har relevant arbeidserfaring og kompetanse på høgskule / universitetsnivå
  • Egnethet til jobben vil bli lagt vekt på

Me kan tilby

  • Ein utfordrande og spanande arbeidskvardag
  • Gode forsikrings –og pensjonsordningar 

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved leiar for koordinerings –og tildelingskontoret. Torhild Naustvik-Jortveit, tlf. 909 90 294, e-post, tnj@vinje.kommune.no

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!