03/04/2020

Driftsoperatør vatn og avløp

  • Aukra kommune
  • Aukra, Norge
VAR - VVA - VVS Vedlikehold - Drift

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 23.04.2020

Om eininga/avdelinga

Eining for tekniske tenester har ansvar for bygg/eigedom, større investeringsprosjekt, planoppgåver/byggesak/geodata og alle kommunaltekniske anlegg. Ved eininga vert det ledig stilling som driftsoperatør innan vatn og avløp frå 1.juni 2020.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver er drift og vedlikehald av vatn- og avløpsinstallasjonar (VA) i kommunen. I dette inngår vassverk, høgdebasseng, pumpestasjonar og leidningsnettet.
  • Enkle oppgåver innan automasjon/programmering av installasjonar i dei kommunaltekniske anlegga (PLS styring, driftskontroll).
  • Drift og vedlikehald av andre kommunaltekniske anlegg må påreknast.
  • Stillinga vil inngå i kommunen si vaktberedskapsordning etter nødvendig opplæring.

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller anna teoretisk/praktisk bakgrunn frå fagområda innan VA-anlegg. Anna teoretisk/praktisk bakgrunn kan vurderast.
  • Driftsoperatørkurs for vatn og avløpsanlegg, og ADK sertifikat. Søkar kan få tilbod om dette kurset som er nødvendig for stillinga.
  • Det er ønskeleg med fagbrev/kjennskap til programmering/automasjon.
  • Ansvarsbevisst og løysningsorientert.
  • Evne til å arbeide godt i team, men også sjølvstendig.
  • Må beherske godt norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort for bil, førarkort i andre klassar er og positivt.
  • Gode datakunnskapar.

Vi tilbyr

- Kommunale tilsetjingsvilkår og lønn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid med kjernetid/fleksibel tid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
- Stønad frå eige fond til etter- og vidareutdanning
- Godt arbeidsmiljø i gode arbeidslokale

Kommunen har nynorsk som målform.

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

Kontaktpersonar:

Gerd Nerbø
tlf: +47 71 17 15 00
mob: +47 97 18 16 69

Torsein Engstad
mob: +47 48884177

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!