12/03/2020

Leiar felles plankontor for Lom og Skjåk kommuner

  • Lom kommune
  • Lom, Norge
Arkitekt - Geografi - Landskap Ingeniør - Sivilingeniør Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.04.2020

Vi har ledig ei fast 100% stilling som kombinert leiar og planleggar ved felleskontor for plan, byggesak og miljø i Lom og Skjåk kommunar. Til stillinga ligg det overordna ansvaret for fag, personal og økonomi ved kontoret. I tillegg til leiaransvaret vil vedkommande få eit sjølvstendig fagansvar innan kommunal planlegging. Kontoret har i dag fem faste stillingar og Lom er vertskommune.

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvar, personalansvar og økonomiansvar for kontoret
  • Ansvar for fagleg og organisatorisk vidareutvikling av kontoret
  • Rådgjeving og behandling av offentlege og private reguleringsplanar
  • Utredningsoppgåver og overordna planar
  • Framlegg av plansakar både administrativt og til politiske utval
  • Rettleie eksterne og interne i plan- og byggingslova
  • GIS/oppmåling kan på sikt bli lagt inn under kontoret

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein person med gode leiareigenskaper og god gjennomføringsevne. Leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd vil bli vektlagd
  • Vi søkjer primært etter deg som har utdanning på master- eller bachelornivå innanfor relevante fagfelt som arkitektur, ingeniørfag, arealplanlegging eller samfunnsplanlegging
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå offentleg saksbehandling, også utreiingskompetanse frå privat eller offentleg verksemd vektleggast
  • GIS-kompetanse er ynskjeleg, men inga føresetnad

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Utviklingsmoglegheiter med utfordrande og spennande arbeidsoppgåver

Ta gjerne kontakt med konstituert administrasjonssjef Trond Byre-Haakensen, telefon 93 42 93 18, rådgjevar plan og miljø Sander Sælthun telefon 47 46 32 18 eller rådgjevar personal Åste Gudbrandsen, telefon 48 16 55 37

Elektronisk søknad sendast via vår heimeside www.lom.kommune.no

Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.

Kontaktperson for stillingen

Kontaktperson: Sander Sælthun
Stillingstittel: Rådgjevar plan og miljø
Telefon: 47463218
Epost: sander.saelthun@lom.kommune.no 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!