11/03/2020

Rektor ved Nordbygda skule

  • Masfjorden kommune
  • Masfjorden, Norge
Rektor - Styrer Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 31.03.2020

Stillinga som rektor ved Nordbygda skule er ledig frå 1.8.2020 

Nordbygda skule er ein 1-10 skule med 98 elevar skuleåret 2019-2020. Det er 23 tilsette ved skulen, av dei er 17 pedagogisk personale. Administrasjonsressursen på 112 % er delt på rektor og inspektør (82/30). Skulen har kontormedarbeidar i 60 % stilling. Rektor har oppvekstleiar som næraste overordna. Tre rektorar utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor vil òg ha eit samarbeid med styrar i Nordbygda barnehage.

Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi ved Nordbygda skule og SFO. Satsingsområda for skulen er godt skulemiljø for alle, tilpassa opplæring med vekt på læringsmål, digital kompetanse og ny læreplan.

Lokala på Nordbygda skule vert på fritida nytta av kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.

Me søkjer etter ein rektor med

  • gode samarbeidsevner og som ynskjer å gjera ein forskjell
  • kunnskap om skuleutvikling og evne til nytenking
  • evne og vilje til å føra vidare arbeidet for eit godt arbeidsmiljø for elevar og tilsette og utnytta personalet sine sterke sider og ulike kvalitetar.
  • evne og vilje til å vera pådrivar for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen.
  • brei undervisningspraksis og røynsle frå leiing i skulen
  • dei nødvendige formelle kvalifikasjonar
  •  

Me tilbyr

  • leiarutvikling og nettverk
  • erfarne medarbeidarar
  • godt samarbeid mellom heim og skule.
  • eit godt læringsmiljø.
  • ein arbeidsplass som vil gje deg høve til utvikling.
  • full barnehagedekking i gode barnehagar

Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk.

Løns- og arbeidsvilkår etter avtaleverket og nærare avtale.

Politiattest

Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader

Slik søkjer du 

Søk elektronisk via heimesida til kommunen.
https://www.masfjorden.kommune.no/ledige-stillingar2/ 
Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt Masfjorden kommune tlf. 56166200.

Kontaktperson:
Oppvekstleiar Rita Ludvigsen
tlf: +47 56166241
mob: +47 45376315

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!