09/03/2020

Prosjektkoordinator strandrydding / marin forsøpling

  • Fjordane Friluftsråd
  • Hardbakke, Norge
Miljø - Klima VAR - VVA - VVS

Beskrivelse

 

Søknadsfrist: 29.03.2020

Prosjektkoordinator Marin forsøpling

Fjordane Friluftsråd har søkt prosjektmidlar til Prosjektkoordinator innan marin forsøpling. Tiltreding i stillinga snarast råd og med varigheit minimum 31.12.2020 med høve for forlenging. Vi tek atterhald om finansiering.

Arbeidsoppgåver

Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt selskap for 4 kommunar på kysten av Sogn og Fjordane (Vestland) og vi samarbeider tett med ei mengde organisasjoner, i drift og prosjekt. Fjordane Friluftsråd har seinare år vore sterkt engasjert i arbeidet med marin forsøpling i strandsona.

Miljødirektoratet bidreg med prosjektmidlar til med anna administrasjon-koordinering av prosjekta. Samhandling med medlemskommunane, Vestland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland, Kystlotteriet, Hold Norge Rent, Naturvernforbundet og mange andre organisasjoner vil vere ein del av prosjektet, men også noko forebyggjande arbeid i samarbeid med skular. Budsjettansvar med føring av prosjektrekneskap og rapportering.

Andre oppgåver i friluftsrådet i samråd med dagleg leiar.

Kvalifikasjonar

  • God prosjektkompetanse i bruk av ulike digitale verktøy, databaser og kartprogram.
  • Høg kompetanse innan miljø og renovasjon, eller anna aktuell utdanning/praksis.
  • Lokal- og stadkunnskap på kysten av Sogn og Fjordane vil vere å føretrekke.
  • Sertifikat på bil og minimum båtførarprøve og sikkerheitskurs for båtfolk. Den som vert tilsett må pårekne ein del reiseverksemd. Vi ynskjer og ein person med god helse då arbeidet er veldig variert og til tider fysisk krevjande.

Personlege eigenskaper

  • Du må vere ryddig, positiv og påliteleg med gode kommunikasjonsevner, og kunne legge fram gyldig politiattest for arbeid på friluftsskular og skule.
  • Du har evne til å byggje nettverk i offentleg, kommersiell og frivillig sektor, sjølvstendig og løysingsorientert. Helsa bør vere god.

Vi tilbyr

  • Ei spanande prosjektstilling med varierte oppgåver og eit sunt arbeidsmiljø.
  • Konkurransedyktige betingelsar. 

Kontaktinformasjon

Fjordane Friluftsråd
Kommunehuset
6924 Hardbakke

Bjarte Engevik/dagleg Leiar, tlf. 99487500
Arlene Vågene, styreleiar, tlf. 40239260

Arbeidsstad/kontor

Fjordane Friluftsråd
Solund Leilighetsshotell
6924 Hardbakke

Stillingsprosent: 100%

Søknad

Søknadsfrist: 29.03.2020

Ansettelsesform

Prosjekt  

Søk her!