25/03/2020

Fastlege - 2. gong lysing

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Lege

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.04.2020

100 % vikariat som fastlege ved Vinje legekontor frå 01.07.20 til 31.08.21 - ID 1738

I Vinje har me  tre legekontor. Hovudkontoret ligg i Åmot, og me har utekontor på Rauland og Edland.

Legetenesta har fem legeårsverk, sjukeheimslege og ein turnuslege. Fastlegelista har ei listelengde på 850 pasientar. 
Som lege i Vinje vil du få kommunal fastløn. 

Kommunen er vertskommune for Tokke – Vinje legevakt, lokalisert til legetenesta sine lokaler i Åmot. Legevakta er 10-delt.

  • Me tilbyr gode ordningar, varierte oppgåver og eit spanande arbeidsmiljø.
  • Du må ha norsk autorisasjon, gode samarbeidsevner og gode norskkunnskaper
  • Me ynskjer primært at du fyller kvalifikasjonskrav jf. Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse og omsorgstjenesten.

Det er tilrettlagt for administrasjonstid, og det må påreiknast kommunale oppgåver slik som tilsyn og helsestasjon.
Vikariatet inngår i legevaktordninga.

Det er moglegheitar for tilrettelegging i samband med spesialisering i almennmedisin.

 Spørsmål om stillinga kan rettast til kommuneoverlege Marius Opsahl tlf 35 06 25 00

 I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk her!