13/02/2020

2 x 100% faste stillingar for spesialist i allmennmedisin

  • Aurland kommune
  • Aurland, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Lege

Beskrivelse

 SØKNADSFRIST: 12.03.2020

Me har ledig

Vår erfarne kommuneoverlege ønsker nå å gå av med pensjon og vi søker hans erstatter.
Vi har også ein ledig legestilling til ved kontoret, og ser at stilllingane kan fungere godt for eit par. Av den grunn lyser vi nå ut to 100% stillingar som fastlege i kommunen, med fastlønn.

Stillingane er knytt til Aurland legekontor som har 3 legestillingar samt LIS 1 stilling. Kontoret er velutstyrt og har eit hjelpepersonell på 3 med sjukepleiar og legesekretær i staben. Legekontoret er samlokalisert med rus- og psykiatritenesta, helsestasjon med jordmor, fysioterapi, ergoterapi, treningskontorakt og koordinaot og er organisert som del av tenesteeininga Helse og Førebygging.

Som kommunal fastlege i Aurland vert du ein del av interkommunal legevakt stasjonert ved Lærdal Sjukehus. Vaktordninga er 12 delt, eller skjeldnare. Legevakta er tilstedevakt i legevakta sine lokale på sjukehuset, ui eit bredt fagmiljø med fri etter vakt. Legevakta er fastlønna. Lege på vakt har også tilsyn med dei 4 interkommunale KAD sengane.

Kommunen har ein felles kommuneoverlege saman med kommunane Lærdal og Årdal som me også sammarbeidar med kring legevakt, KAD sengar og psykoligteneste.

Kommunen nyttar INFODOC som journalsystem.

I stillinga som kommunelege inngår

- Fastlegeoppgåver - listelengde inntil 800.
- Legevakt på dagtid, vert fordelt mellom legane på kontoret
- Deltakarplikt i interkommunal legevakt med 12 delt turnus

Til den eine stillinga ligg ansvaret for dagleg drift av kontoret. Fagleg rettleiing av LIS 1 og legar i spesialisering.

Til den andre stillinga ligg oppgåver knytt til helsestasjonen.

Grunna rekkruttering av to leger samtidig, vil det være natuleg å sjå på oppgåvefordelinga mellom legane, og listelengde på fastlegelilsten.

Me tilbyr

- Høgt fagleg nivå i tenestene og eit kreativt og utviklande fagmiljø
- Gode kollegaer
- Samlokalisering og godt sammarbeid med andre kommunale helsetenester
- Konkurransedyktige betingelsar
- Fastlønn, også på legevakt
- IA bedrift med godt tilrettelagte ordningar
- Gunstige pensjonsordning
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å sakffe arbeid til partner

Kvalifikasjonar

- Godkjent norsk autorisajon som lege, fortrinnsvis spesialist i almennmedisin
- Søkjar må ha fullført norsk turnusteneste / LIS 1 eller dokumentere godkjend tilsvarande teneste av Statens Autorisasjonskontor, som gir høve til å praktisere som fastlege.
- Ha refusjonsrett frå Helfo
- Rellevant erfaring frå kommunehelsetenesta er eit føremon
- Krav om gode norsskunnskapar, skriftleg og munnleg. Språknivå vil verte tillagd vekt i tilsetjingsprosessen
- Godkjend politiattest jfr helsepersonellova før tiltreding i stillinga
- Kjennskap til norsk helsevesen og helselovgivning
- Førarkort for bil og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphold i minst 3 månader i land med høg forekomst av turbekulose, må ved tilsetning kunne leggje fram godkjend turbekulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Personlege eigenskapar

- evne til å arbeide sjølvstendig
- gode evner til sammarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasienter og pårørande.
- gode evner til kommunikasjon
- evne til omstilling

Kontakter

Navn: Guri Olsen
Tittel: Leiar Helse og førebygging
E-post: guri.olsen@aurland.kommune.no 
Mobil: 95984663

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!