12/02/2020

Sjukepleiar 100% fast - Rosendalstunet bu og rehabilitreingssenter

  • Kvinnherad kommune
  • Kvinnherad, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

 

SØKNADSFRIST: 29.02.2020

Omtale av stillinga

Vi søkjer sjukepleiar i 100% stilling til institusjonen Rosendalstunet bu og rehabiliterings senter.
For stillinga er det krav om norsk autorisasjon for helsepersonell/ sjukepleiar.

Rosendalstunet bu og rehabiliterings senter, lokalisert i Rosendal, er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie og opptrening i ulike livsfasar.

Institusjonen var ny i Februar 2018, med seks avdelingar, -60 plassar. Institusjonen er bygd med det siste innan velferdsteknologiske løysingar.

Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar. Stillingsprosent kan redusertast om det er ønskje frå den som vert tilsett.

For stillinga er det krav om turnusarbeid dag/ kveld, med arbeid minimum kvar 3. helg. Det er for stillingane krav om at politiattest ikkje eldre enn tre mnd vert førevist 

Kvalifikasjonar

Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar.
Politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
Alle som vert tilsette må ta KS kurset for nytilsette i Kvinnherad kommune.

Personlege eigenskapar

Du må vera fleksibel og løysingsorientert
Ha gode evner til kommunikasjon
Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Kontakter

Navn: Hilde Mæland Bjørke
E-post: hilde.bjorke@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 41689723

Navn: Leif Kongestøl
Tittel: Verksemdsleiar
E-post: leif.kongestol@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 91386185
Arbeid: 91386185

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!