11/02/2020

Vil du bli Sula kommune sin nye økonomisjef?

  • Sula kommune
  • Sula, Norge
Administrasjon - Økonomi Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 24.02.2020

Då noverande økonomisjef skal pensjonere seg, søkjer vi ny økonomisjef. Som økonomisjef i Sula kommune vil du få ei viktig leiarrolle i rådmannen si strategiske leiargruppe. Du vil ha det overordna ansvar for økonomi- og rekneskapsområdet, og vere kommunen sin fagressurs innan budsjett- og økonomistyring.

Hovudoppgåver

  • Overordna ansvar for økonomi- og rekneskapsområdet
  • Gi støtte til rådmann, kommunalsjef og einingsleiarar i økonomi- og budsjettarbeid
  • Ansvar for utarbeiding og oppfølging av budsjett, samt finansforvaltning
  • Utarbeide økonomiske analysar og rapportar
  • Personal- og leiaransvar for tilsette i økonomiavdelinga
  • Førebu økonomiske saker til politisk behandling
  • Kontakt med finansinstitusjonar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning frå økonomi/rekneskap
  • Relevant erfaring frå tilsvarande rolle og/eller oppgåver
  • Erfaring frå budsjettering og planlegging
  • God rekneskapsforståing
  • Gode leiareigenskapar

Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner og kan trivest med å arbeide i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du har gode kommunikasjonseigenskapar og godt humør, men også evne til å sette krav til dei rundt deg. Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø som består av stramme tidsfristar, mange førespurnadar og spørsmål. Derfor er det viktig at du både kan prioritere og planlegge oppgåver, men samtidig ta ting på sparket. Er du i tillegg fleksibel, strukturert og analytisk er mogelegheitene for å lykkast i stillinga som økonomisjef hos oss i Sula kommune store.

Vi kan tilby ei stilling med varierte, spanande og utfordrande oppgåver i eit hyggeleg arbeidsmiljø med sjølvstendige og dyktige kollegaer. Du vil få ei sentral rolle i leiargruppa med høve for å påverke, utvikle og forbetre økonomiområdet.

Ynskjer du meir informasjon om stillinga er du velkomen til å kontakte vår rådgjevar i Yapril AS, Marius Halvorsen +47 922 95 786. Alle søknadar og henvendingar handterast konfidensielt, om ynskjelig også overfor oppdragsgjevar i den innleiande prosessen.

I medhald av offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom ønsket ikkje vert imøtekome, vil søkjaren bli varsla om dette.

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!