13/02/2020

100% fast stilling som sjukepleiar i Bremanger kommune, for tida ved Bremanger sjukeheim

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.03.2020

Er du sjukepleiar, og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver? 

I Bremanger kommune, for tida på Bremanger sjukeheim - er det ledig 100% fast sjukepleiarstilling, stillinga er ledig frå 01.04.2020

Kvardagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og ein har og eit lindrande rom.

Vi arbeider i for tida 3-delt årsturnus, her har medarbeidarane anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si.

Arbeidsoppgåver

• Sjukepleiefaglege oppgåve hos pasientane
• Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjelder alder og medisinske behov
• Heilskaplig omsorg for eldre menneskjer
• Ivareta pasientane sine individuelle behov
• Muligheit for å delta i ressursgruppe 
• Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m. 

Kvalifikasjonar

• Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar 
• Nyutdanna oppfordrast til å søkje, og opplæring vil bli gjeve 
• Må ha førarkort for personbil (B). 
• Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.  

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.  
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar. 

Serviceinnstilling og personleg egnaheit vektleggast

Vi tilbyr

• Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje 
• utfordrande og spanande arbeidsoppgåver 
• God pensjonsordning, og heildøgns forsikring 
• Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling 
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass 
 
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir! 

Kontaktperson:
Evy Janne Berle Fjellestad
Driftssjef
95982944

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!