06/02/2020

Psykiatrisk sjukepleiar/ sjukepleiar/ vernepleiar

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 21.02.2020

Vinje helse og omsorg har ledig 100% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar /sjukepleiar/vernepleiar  -   ID 1728. Ledig frå 01.05.2020.
Søknadsfrist 21.02.2020

Turnusstilling med arbeid kvar 3. helg. Me oppmodar menn om å søkje.

Arbeidet er variert og utfordrande. Arbeidsoppgåvene er retta mot tett individuell oppfylgjing av bebuarar både fysisk og psykisk samt miljøarbeid i bustad. Det er etablert team rundt kvar enkelt bebuar. Tilsette får rettleiing og undervisning regelmessig.

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  •  Søkjar bør ha vidareutdanning og/eller erfaring innan psykisk helsearbeid
  •  Ha interesse for fagfeltet psykiatri, rus og miljøarbeid
  •  Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med psykose pasientar og utagerande pasientar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg – minimum nivå B2
  •  Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil
  •  Me søkjer etter ein sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til  samarbeid og fleksibilitet
  •  Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Lovkrav om politiattest

Dersom fleire stillingar vert ledige med bakgrunn i interne omrokkeringar, tilset me og i desse. I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar Carsten Hald, tlf.nr.: 90 93 70 93.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema.

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!