06/02/2020

Ferievikarar

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 28.02.2020

Har du lyst til å vera ferievikar i Vinje helse og omsorg? Det er trong for ferievikarar frå veke 26 til og med veke 32. 
Søknadsfrist: 28.02.2020

Søkjer du på fleire stillingar, skriv prioritering i søknaden.

Heimetenesta i Øvre Vinje - ID 1721
- Norheimstunet omsorgssenter, heimesjukepleie og heimehjelp

Heimetenesta i Rauland - ID 1722
 - Rauland omsorgssenter og heimesjukepleie og heimehjelp

Heimetenesta i Åmot - ID 1723
 - Heimesjukepleie, heimehjelp og dagtilbod for eldre

Avdeling for psykisk helse og rus – ID 1724
- Bruli bufellesskap

Vinje sjukeheim - ID 1725

Teneste for funksjonshemma – ID 1726
- Svingen- og Reini bufellesskap

Tokke-Vinje legevakt – ID 1727 

For søkjarar til heimetenestane (ID 1721, 1722, 1723) må du ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil. 
For søkjarar til legevakt (ID1727) er det krav om autorisasjon som sjukepleiar.

Meir informasjon om dei ulike tenestane finn du på Vinje kommune si heimeside under helse og omsorg 

Me treng:

  • Helsefagarbeidarar, også elevar
  • Pleiemedarbeidarar
  • Heimehjelper ( til heimetenestene i Åmot, Rauland og Edland)
  • Kjøkkenassistent sjukeheimen
  • Sjukepleiarar, vernepleiarar og studentar

Me kan tilby:
Ein spennande og meiningsfull sommarjobb med varierte oppgåver i helse og omsorgstenestane. Tilsetjing og løn etter gjeldande avtaler.

Kvalifikasjonar:
Du må ha god kunnskap i norsk, skrifteleg og munnleg, minimum nivå B2.
Det er krav om politiattest for alle (helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4)

Ved tilsetjing legg me vekt på fagleg og personleg kompetanse.
I søknaden må du skrive kva periode og kor stor stilling du ynskjer. Søkjarar som vil arbeide lengst mogeleg samanhengande i sommar, vil bli prioritert.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema

Ansettelsesform

Ferievikar  

Søk her!