06/02/2020

Spennande sjukepleiarstilling ledig!

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.03.2020

Er du sjukepleiar, og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver?
I Bremanger kommune, for tida i heimesjukepleien i Ytre Bremanger – er det ledig 100% fast sjukepleiarstilling.

Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstendighet og kor du lærer mykje på kort tid. Heimesjukepleien samarbeider tett med ulike fagmiljø i spesialisthelsetenesta, fastlegetenesta og andre avdelingar i pleie -og omsorg.

For tida er det 2 – delt turnus, og stillinga er ledig frå 01.06.2020 

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåve heime hos pasientane
  • Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjelder alder og medisinske behov.

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Nyutdanna oppfordrast til å søkje, og opplæring vil bli gjeve
  • Må ha førarkort for personbil (B).
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg. 

Personlege eigenskapar

For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Serviceinnstilling og personleg egnaheit vektleggast.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktperson:
Karine Igland
Drifssjef Open omsorgs ytre
959 82 940

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!