10/08/2018

Ledig 7 stillingar i nyoppretta vikarpool, Helse og omsorg

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 27.08.2018

Stryn kommune etablerar vikarpool i pleie og omsorgstenestene.

I den forbindelse har vi ledig 7 heile stillingar frå 01.09.2018. 

Stryn kommune er delt i to tenesteområder og det er stillingar ledig i begge områda. 

Stryneområdet:

  • 1 stilling for vernepleier eller anna helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • 2 stillingar for sjukepleiarar
  • 2 stillingar for helsefagarbeidar 

Vikaneområdet:

  • 1 stilling for sjukepleiar
  • 1 stilling for helsefagarbeidar 

Dei utlyste stillingane er definerte som vikarstillingar, arbeidet omfattar både institusjonsteneste, arbeid i heimesjukepleien samt arbeid hos personar med nedsett funksjonsevne. Det er difor viktig at du liker ein variert arbeidsdag med varierte arbeidsoppgåver.

Stillingane skal dekke opp for fråvær i dei fleste avdelingane innanfor det geografiske området dei er plassert, så vilje og evne til fleksibilitet vert sterkt vektlagt. Noko arbeid på tvers av områda må også påreknast. 

Krav til stillinga:

  • Relevant utdanning for stillingane
  • Førarkort for bil og kan nytte eigen bil ved behov.
  • Må vere fleksibel og like ein variert arbeidskvardag.
  • Har gode evner til kommunikasjon og likar å samarbeide med andre 

Vi kan tilby:

  • Særskilt godtgjering for stillingane
  • Gode pensjonsordningar
  • Spennande, mangfaldige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode muligheter for kompetanseutvikling 

Interne søkjarar vert prioriterte for stillingane 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Kontaktpersonar:

Oddhild Hilde 
mob: 99610454

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk nå