05/02/2020

2 Avdelingsleiarar på Osterøytunet sjukeheim

  • Osterøy kommune
  • Osterøy, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKANDSFRIST: 24.02.2020

Kort om stillinga

På Osterøytunet har vi ledig to stillingar som avdelingsleiar i HTA kap. 4. Osterøytunet er ein moderne sjukeheim, bygd i 2004, med 56 einsengsrom fordelt på to avdelingar. Kvar avdeling har 3 grupper. Vi har eigen natteneste som også servar heimebuande. Institusjonen har eigen lege. Osterøytunet ligg på Osterøy, 35 minuttar kjøring frå Bergen sentrum. 

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene består i å sikre dagleg drift og i stillinga ligg personalansvar for medarbeidarar i di avdeling herunder bemanning, personaloppfylging og turnusarbeid.

Avdelingsleiar arbeider tett saman med einingsleiar, fagkoordinator og andre i sektoren. Vi nyttar fagsystemet CosDoc,

WebSak og Visma for ajourhold, personal og turnusarbeid. 

Du

- er med på å bidra å nå mål som ligg i sektoren og eininga si strategi.

- har fokus på fagutvikling og refleksjon.

- kan planleggja og følgja opp kompetansetiltak.

- kan planleggja og gjennomføra medarbeidersamtaler.

- har kunnskap om og kan følgje opp sjukefråvær.

- har godt humør og er fleksibel. 

Kompetanse

Minimum treårig sjukepleiar høgskuleutdanning eller anna relevant helsefagleg utdanning på høgskulenivå er eit krav til stillinga.

Det er ynskeleg med leiarutdanning eller leiarerfaring.Dersom du ikkje har leiarutdanning ynskjer vi at du er villig til å ta dette. Det er eit krav å ha god kjennskap til og erfaring med utarbeiding av turnus. Du må ha gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi søkjer

Vi søkjer deg som har pågangsmot og som er ein god relasjonsbyggar. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Det er viktig at du er god på planlegging og kan jobbe systematisk og sjølvstendig. Gode datakunnskapar er nødvendig. 

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Løn etter gjeldande tariffavtale. 

Anna

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansettelse.

Vi oppfordrar menn til å søke.

Kontaktperson Sektor for Helse, Omsorg og Sosial:

Kristin Ruud Myking
tlf: +47 56192119

Kontaktperson Osterøytunet:

Åse Vevle
tlf: +47 56192501

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!