31/01/2020

Driftsleiar utestasjon

  • Høyanger kommune
  • Høyanger, Norge
Ledelse Vedlikehold - Drift

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 23.02.2020

Tenesteområdet Plan og utvikling er organisert i to einingar, Plan & forvaltning og Drift & vedlikehald. Vi er totalt ca. 50 engasjerte medarbeidarar innanfor mange ulike fagområde. I personalgruppa inngår m.a. sivilingeniørar/ ingeniørar, samfunns- og naturgeografar, sivilagronom, fagarbeidarar, vaktmeistarar og reinhaldarar. Driftsavdelinga/utestasjonen held til i eigne lokaler i Høyanger tettstad.Tenesteområdet har stor aktivitet med mange spanande prosjekt på gang og vil vere involvert i fleire utbyggingsprosjekt dei næraste åra. Arbeidsmiljøet er godt og vi vektlegg å arbeide i samansette tverrfaglege team. Vi har ledig 100% stilling som driftsleiar utestasjon. 

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å planlegge, koordinere og følgje opp drift av veg, vatn, avløp, kommunale parkanlegg og maskinpark. Du vil bli tillagt personalansvar for ca 10 tilsette med ulike fagkompetanse.  Deltaking i vaktordning kan vere aktuelt. 

Kvalifikasjonar:

Du har utdanning innan relevante fagområdet (fagbrev/teknisk fagskule) og relevant praksis, samt leiarerfaring. Kjennskap til og bruk av dataverktøy. Må ha førarkort kl. B, ønskelig med utvida sertifikat og kompetansebevis som er relevant for stillinga.

Personlege eigenskapar:

Du er engasjert og er god på å planlegge både på kort og lang sikt. Gode kommunikasjon- og motivasjonsevner samt evne til å arbeide systematisk og ha gode samarbeidsevner. 

Vi kan tilby:

Gode pensjons- og forsikringsvilkår. Kommunen er hjelpsam med å skaffe kommunal bustad. 

Kontaktpersonar:

Dersom du ynskjer fleire opplysningar ta gjerne kontakt med leiar drift og vedlikehald Olav Nordgulen tlf 99 20 64 16 eller avd.ingeniør Asle Værøy 99 21 93 93

Søknadsfrist: 23.februar 2020

 Elektronisk søknad via vårt søknadssenter – merk søknad sak nr 20/75

 
 Nøkkelord: Høyanger facebook

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!