10/08/2018

Ledig 50% driftstilskot for fysioterapeut

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 30.08.2018

Ledig 50% driftstilskot for fysioterapeut frå 01.01.19.

Grunna oppseiing frå fysioterapeut vert det med dette kunngjort ledig 50% driftstilskot.

Driftstilskotet er knytt til gruppepraksis ved Stryn Fysioterapi, adr. Setrevegen 4, Stryn.

Stryn Fysioterapi flytta inn i nye lokale i Stryn Helsesenter våren 2017, og er lokalisert ilag med bl.a. legekontor og helsestasjon.

Gruppepraksisen består av 3 fysioterapeutar med 50% driftstilskot kvar. Der er ein føresetnad at den som får tildelt ledig driftstilskot blir ein del av gruppepraksisen ved å kjøpe seg inn i denne og inngå i gjensidig forpliktande avtale om husleige og utstyr.

Det ledige driftstilskotet er retta mot allmenn fysioterapi innan alle aldersgrupper, diagnosar og funksjonsnivå.

Kommunen etterspør følgjande kompetanse:

  • Autorisasjon som fysioterapeut
  • Allsidig og variert praksis
  • Gode samarbeidsevner og fleksibilitet
  • Sjølvstendig og utviklingsorientert
  • Gode kommunikasjonsevne på norsk

Ved tildeling vil det bli lagt vekt på å velje den søkjaren som etter samla vurdering er best fagleg skikka. Dette ut frå kriteria som fagleg kompetanse, erfaring, samarbeidsevne, personleg eignaheit, samt evne og vilje til å drive privat praksis.

Personleg føresetnadar vert vektlagt. Søkjar på driftstilskotet må vere interessert i å fungere godt i ein gruppepraksis, og evne til samarbeid er difor særs etterspurt.

Heimelen vert regulert etter til kvar tid lydande ASA 4313.: Rammeavtale mellom KS og NFF, NMF og PFF om drift av selvstendige næringsdrivendes fysioterapivirksomhet. 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Kontaktpersonar:

Kommunalsjef Heidi Vederhus 
tlf: 57874781 
mob: 41922889

Oddhild Hilde 
mob: 99610454


Søk nå