30/01/2020

Sjukepleiar i Bremanger kommune, for tida i heimesjukepleien i Svelgen/Davikområdet

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.03.2020

Det er ledig ei fast stilling som sjukepleiar inntil 100% i heimesjukepleien i Svelgen/Davikområdet frå 01.04.2020.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter personar med offentleg godkjenning som sjukepleiar.

Den som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, og like å arbeide i team og vere innstilt på endringar.

Du må ha sertifikat i klasse B.

Den som vert tilsett må vise politiattest av nyare dato. 

Vi tilbyr

• God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Om arbeidsplassen

Heimetenestene i indre del av Bremanger Kommune vart hausten 2019 samordna som ei teneste. Tenesta blir organisert frå Svelgen, med base både i Svelgen og Davik –samt gode velfedstekniske løysingar. 

Vi er med i Legevaktspilotprosjektet med SYS-IKL. Sjukepleiarane ved Svelgen Omsorgssenter er ein del av den, men det er opna opp for at sjukepleiarane i heimesjukepleien og kan bli med i piloten.

Vi arbeider for tida i årsturnus med arbeid kvar tredje helg. Dei tilsette har ein stor moglegheit til å kunne påverke arbeids –og fritida si, ved å kome med ønsker i forkant av turnusskrivinga. 

Vi har fleire ressursteam, som ein kan fordjupe seg i. M.a. demens, palliativ omsorg, kreft, rehabilitering m.m. Vi har òg innført Kvardagsrehabilitering,.


Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar!

Kontaktperson:
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
95989310

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!