29/01/2020

Personalrådgjevar

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 21.02.2019

Vinje helse og omsorg 100 % fast stilling . Oppstart etter avtale - ID 1715
Søknadsfrist 21.02.20 

Vinje helse og omsorg søkjer personalrådgjevar, som saman med dyktige kollegaer kan vidareutvikle personal/HR området i eininga. Stillinga rapporterar direkte til einingsleiar for helse og omsorg.

Leiarar og tilsette er dei aller viktigaste ressursane våre. Som Personalrådgjevar får du ei nøkkelrolle i arbeidet med å byggje ein organisasjonskultur som samlar, tek vare på og utviklar dei som arbeider i Vinje helse og omsorg. Me ynskjer ein organisasjonskultur som legg vekt på meistringsorientert leiing og som løftar brukarperspektivet. Det er i møte mellom tilsette og dei som mottar tenester frå kommunen at kvaliteten kjem til uttrykk.

Personalrådgjevar skal støtte opp under dei overordna måla til kommunen og vere ei positiv drivkraft i dette arbeidet.

Tverrfagleg samarbeid er vektlagt i eininga og strukturert i form av regelmessige møtepunkt med aktuelle faggrupper.

Du må bidra til utvikling og kvalitetssikring av det personalfaglege arbeidet med fokus på organisasjonsutvikling og leiarstøtte. 

Om oss: 
Som personalrådgjevar ved Vinje helse og omsorg får du arbeide med ei eining med omlag 250 tilsette. Du vil vere ein del av staben til einingsleiar som er samansett av økonomirådgjevar, fagrådgjevar, 8 avdelingsleiarar og 2 konsulentar. Avdelingsleiarar har personalansvar og er delegert fagleg og økonomisk ansvar for dei funksjonar som ligg til stillingane.

Tenestene er delt inn i følgande områder:
Koordinerings- og tildelingskontor, Legetenester, Fysioterapi og ergoterapi, Psykisk helse og rus, internkommunalt jordmorsamarbeid, Helsestasjon, Sjukeheim, Omsorgsdistrikt, heimesjukepleie. 

Arbeidsoppgåver er:

  • Vere pådrivar og støttespillar for leiarar i personalrelaterte spørsmål
  • Ansvar for å vidareutvikle og styrke personalressursane, samhandling og kommunikasjon internt og eksternt
  • Leiar- og medarbeidarutvikling er sentralt, og du må vere pådrivar for kontinuerleg forbetring.
  • Rådgjeving, rettleiing og sakshandsaming innan lov og avtaleverk
     

Me ser etter deg som har:

  • gode relasjonelle eigenskapar
  • kompetanse og erfaring frå HR/personal
  • god digital kompetanse
  • erfaring med leiing frå relevant nivå og verksemd
  • god kjennskap til offentleg forvaltning
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • relevant høgare utdanning

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vinje kommune er ein nynorsk kommune og har nynorsk som offisielt skriftspråk.

Me kan tilby:

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode barnehagetilbod

Søknad skal sendast på elektronisk skjema.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offenleggjerast.

Kontaktperson: Einingsleiar Kari Dalen tlf: 35 06 23 00, e-post: kari.dalen@vinje.kommune.no eller Organisasjonssjef Margit E. Karlsen tlf: 35 06 23 00, e-post: margit.karlsen@vinje.kommune.no

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!