14/01/2020

Lonevåg skule søkjer ny avdelingsleiar

  • Osterøy kommune
  • Osterøy, Norge
Ledelse Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse

 

SØKNADSFRIST: 31.01.2020

Kort om stillinga:

Lonevåg skule har 212 elevar. Skulen har samla dei administrative ressursane i to avdelingsleiarstillingar, i tillegg til rektor. Rektor vil fordela pedagogiske og administrative oppgåver ut ifrå avdelingsleiarane sin kompetanse,erfaring og interessefelt. Leiingsressursen og undervisningsdelen i stillinga er dynamisk ut frå skulen sine behov og kompetanse i leiinga. Lonevåg skule har lange tradisjonar for utviklingsarbeid, og har dei siste åra jobba med læringsmiljø i samarbeid med dei andre barneskulane i kommunen og UDIR. Lonevåg skule har og vore ein del av Språkkommuneprosjektet. Fagfornyinga kjem til å vera ein viktig del av utviklingsarbeidet dei neste åra.

Arbeidsoppgåver:

- Samarbeide tett med skulen si leiargruppe og utføre arbeid delegert av rektor.
- Pedagogisk leiing med ansvar for oppfølgjing av spesialpedagogisk og sosialpedagogisk arbeid i samarbeid med tilsette, føresette og andre instansar, med fokus på eleven sitt beste.
- Følgje opp elavane sitt læringsmiljø og læringsutbyte.
- Kontaktlæraransvar for elevråd
- Vikararbeid
- Undervisning som del av stillinga.

Kompetanse:

- Formell utdanning for skuleslaget.
- Relevant vidareutdanning innan spesialpedagogikk og erfaring frå spesialpedagogisk arbeid.
- Ynskjeleg med utdanning og erfaring innanfor leiing.
- God IKT- kompetanse
- Ynskjeleg med analysekompetanse
- Leiarerfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar:

- Evne til å vera ein tydeleg, inkluderande og inspirerande leiar som er synleg og til stades.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Kan arbeide strukurert og systematisk, sjølvstendig og i team.
- Kan leie personalet i refleksjonsarbeidet i ein lærande organisasjon. Er både prosess og resultatorientert.
- Er løysingsorientert og fleksibel.
- Kan utvikla gode relasjoner til elevar, føresatte og medarbeidarar.
- Set elevane i fokus.

Vi tilbyr:

- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.

Annan informasjon

- Krav om politiattest jfr.opplæringslova
- Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert.
- Søknader skal registrerast elektronisk på Osterøy kommune si webside
- Søkarlister er offentlege

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!