02/12/2019

60% fast stilling som helsefagarbeidar ved Grandmo busenter

  • Luster kommune
  • Luster, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.12.2019

Stillingsinformasjon

Fast 60% stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar med arbeid f.t. på natt frå 03.02.20

Arbeidsoppgåver

  • Yte pleie og omsorgstenester på natt til brukarar med nedsatt funksjonsevne i heimane på senteret og i bygda.
  • Helsefaglege ansvars- og arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend hjelpepleiar/autorisert helsefagarbeidar.
  • Relevant praksis.
  • Evne til å arbeide aktivt, systematisk, målretta og løysingsorientert - saman med andre.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særskild for stillinga

  • Tilsett må legge fram politiattest
  • Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.
  • Turnus med arbeid kvar fjerde helg 

Kommunen kan tilby

  • Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunale tilsetjingsvilkår

Søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål om stillinga kan du henvende deg til kontaktperson. Dersom du har behov for hjelp til å søkje kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Kontakter

Navn: Rune Helle
Tittel: Einingsleiar
E-post: rune.helle@luster.kommune.no 
Mobil: 48114269

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!