09/08/2018

Psykiatrisk sjukepleiar, 200 % fast stilling frå snarast

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 24.08.2018

ID 1565

I avdeling psykisk helse og rus er det ledig 2 faste 100 % stillingar som psykiatrisk sjukepleiar med 35,5 t/v. Turnusstilling med arbeid kvar 3. helg. Oppstart etter avtale.

Arbeidet er variert og utfordrande, mellom anna med oppgåver retta mot individuell oppfylgjing av brukarar, miljøarbeid i bustad og dagsenter.

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

• Søkjar bør ha vidareutdanning i psykisk helsearbeid 
• Ha interesse for fagfeltet psykiatri, rus og miljøarbeid 
• Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med psykose pasienter 
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg, minimum nivå B2 
• Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil 
• Me søkjer ein sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til samarbeid og fleksibilitet 
• Personleg eignaheit blir vektlagt 
• Lovkrav om politiattest

Dersom fleire stillingar vert ledige med bakgrunn i interne omrokkeringar, tilset me og i desse. 
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar Carsten Ch. Hald, e-post: Carsten.Hald@Vinje.Kommune.no

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå