02/12/2019

100% fast stilling som sjukepleiar ved Gaupne omsorgssenter

  • Luster kommune
  • Luster, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.12.2019

Stillingsinformasjon

Stillinga er ei kombinasjonstilling som omfattar arbeid på korttidsavdelinga (KA) og i heimetenesta.
Stillinga er ledig frå 01.01.20.

Arbeidsoppgåver

Yte pleie og omsorgstenester til pasientane på KA, mellom anna øyeblikkeleg hjelp og rehabiliteringstenester.
Avdelinga har 12 sengeplassar, inkludert to KAD plassar.
I tillegg er ein del av stillinga arbeid i heimetenesta med pleie og omsorgstenester til pasientane på omsorgsplass.
Sjukepleiefaglege ansvars- og arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant etter-/vidareutdanning.
  • Relevant praksis.
  • Evne til å arbeide aktivt, systematisk, målretta og løysingsorientert - saman med andre.
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde. 

Særskild for stillinga

Den som vert tilsett må vere fleksible og motivert i høve til å:

  • Gjennomføre naudsynt kompetanseutvikling, under dette hospitering.
  • Bidra til kompetansedeling.
  • Arbeide fleksibelt og behovsbasert mot/i andre avdelingar og team i pleie og omsorg
  • Stillinga har tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg på KA. 

Kommunen kan tilby

  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode kommunale pensjon og forsikringsordningar

Om søknaden

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål om stillinga kan du henvende deg til kontaktperson. Dersom du har behov for hjelp til å søkje kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort.

Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette.

Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Kontakter

Navn: Tone Kjærvik Kveane
Tittel: leiar Gaupne omsorgssenter
E-post: tone.kjervik.kveane@luster.kommune.no 
Mobil: 91807550
Arbeid: 57685713

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!