29/11/2019

Einingsleiar Veg og park 100 %

  • Kvinnherad kommune
  • Kvinnherad, Norge
Ingeniør - Sivilingeniør Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 05.01.2019

Omtale av stillinga

Einingsleiar har fagansvar, personalansvar og økonomisk ansvar for eininga si. Eininga har ansvar for drift og vedlikehald av ca 180 km kommunale vegar, bruer og kaiar, samt kommunale park - og idrettsanlegg. Einingsleiar vil også måtte pårekna å delta med fagkompetanse i relevante utbyggingsprosjekt som vert gjennomført i regi av kommunen.

Arbeidsoppgåver

Einingsleiar skal vera med å utforma gode digitale rutinar for økonomisk oppfølging, rapportering og internkontroll. Einingsleiar rapporterer til sektorleiar.
Som einingsleiar har du det faglege hovudansvaret for drifta saman med avdelingsleiar for eininga.
Ansvar for personal-oppfølging, som sjukeoppfølging, medarbeidarsamtalar, osv.
Oppfølging og kontroll av kontraktørar og underentreprenørar, som vert nytta i drifta eller har arbeid knytt opp mot kommunale anlegg.
Ansvar for utvikling og oppbygging av kontroll- og dokumentasjonssystem.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer person med :
- Teknisk utdanning ( ingeniørskule, eller anna relevant høgskule) innanfor fagområde.
- Leiar erfaring frå privat eller offentleg sektor
- Erfaring / kompetanse frå forvaltning og planlegging
- Erfaring med økonomi oppfølging, rapportering og internkontroll
- God skriftleg og munnleg framstilling på norsk
- Generell datakunnskap
- Førarkort Kl BE

Lang relevant erfaring kan kompensera for manglande formal kompetanse.

For stillinga vil det vera viktig å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, vere systematisk og ansvarsbevisst, kunne jobba sjølvstendig og ha erfaring med bruk av digitale verktøy.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Det er ønskjeleg at søkjar oppgjer referansar som kan kontaktast.

Vi tilbyr

Vi har eit godt arbeidsmiljø og spennande oppgåver. Den tilsette vil kunna vera med å påverka eigen arbeidsplass innanfor einingsrammene.
" Løn etter avtale
" Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTL og AML
" Pensjonsordning, ulukkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
" Kvinnherad kommune er IA - verksemd

Tilsetjing skjer på dei til ei kvar tid gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring. Dekning av flytte utgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Er du intern søkjar går du inn på ledige stillingar via mi side på intranettet.
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Kontakter

Navn: Sigbjørn Øye
E-post: sigbjorn.oye@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 91531482

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!