28/11/2019

Rådgjevar i oppvekstsektoren - 100% fast

  • Kvinnherad kommune
  • Kvinnherad, Norge
Oppvekst Rådgiver - Konsulent

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 30.12.2019

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune har ledig ein fast 100% stilling som rådgjevar innan oppvekstsektoren. Stillinga er organisert i stab for oppvekst og rapporterer direkte til sektorleiar for oppvekst.

Arbeidsoppgåver

- Sakshandsaming i administrative og politiske saker
- Samordnings- og utviklingsoppgåver
- Prosjekt
- Rapportering og tilsyn

Vi søkjer

Kvinnherad kommune oppvekstvektsektoren søkjer rådgjevar med juridisk, pedagogisk eller økonomisk bakgrunn. Relevant etter- og vidareutdanning og erfaring innan kommune- og/eller oppvekstsektoren vert vektlagt. Vi ynskjer ein engasjert, sjølvstendig, raus, nyskapande og brukaroientert medarbeidar. Gode digitale ferdigheiter, samarbeidsevner og evner til god skriftleg og munnleg framstilling er avgjerande i stillinga.

Vi tilbyr interessante arbeidsoppgåver og fagleg utvikling i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Kontakter

Navn: Anne Sofie Bjelland Kjeka
Tittel: Sektorleiar Oppvekst
E-post: anne.sofie.kjeka@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 99103430

 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!