26/11/2019

Miljøvernkoordinator - 100% fast

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Miljø - Klima Planlegging

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.12.2019

 

Miljøvernkoordinator - 100% fast stilling frå 1.juni 2020.

Vår miljøvernleiar ynskjer å pensjonerer seg, vi søkjer difor etter ein person med interesse for miljø og klima og solid biologisk kunnskap, til hans etterfølgjar.
Behovet for biologisk fagkompetanse i den kommunale forvaltninga har auka, og den vil auke vidare. Det er minst to viktige samfunnsoppgåver der biologisk kunnskap er svært viktig og der kommunen vil vere ein sentral aktør:

        -  Utrydding av artar og øydelegging av naturmangfald.
       -   Menneskeskapte klimaendringar

Vi søkjer etter ein person som vil inngå i eit tverrfagleg team som jobbar med overordna planlegging. Den som vert tilsett vil bli sentral i overordna strategiske utviklingsoppgåver i kommunen innanfor miljø- og klimaområdet.

Stillinga er plassert i Plan- og næringsavdelinga, og inngår i rådmannen sin stab. Avdelinga sitt hovud-ansvarsområde er overordna planlegging etter plan- og bygningslova, miljøvern- og friluftsliv, viltfor-valtning, landbruk og næringsutvikling. 

Arbeidsoppgåver

I denne stillinga vil du ha mange varierte oppgåver og utfordringar knytt til kommunen sine lovpålagde oppgåver og ønska utvikling, blant anna:

          -  Bidra til kommunen sitt strategiske arbeid, blant anna i arealplanlegging
         -   Konsekvensutgreiing i samband med oversiktsplanlegging
         -   Sakshandsaming etter forureiningslova med tilhøyrande føreskrifter
         -   Sakshandsaming etter motorferdselslova
        -    Arbeid knytt til kommunen sitt ansvar for natur og friluftsliv
        -   Vere pådrivar for kommunen sitt arbeid med klimaomstilling
       -    Arbeid knytt til viltforvaltning
       -    Arbeid knytt til vassressursforvaltning
       -    Rettleiing og rådgjevingsoppgåve mot publikum og intern i organisasjonen 

Kvalifikasjonar
Relevant kompetanse på masternivå innan natur og miljøforvaltning, klimaomstilling eller liknande
Personlege eigenskapar

       -   Ein fleksibel medarbeidar som kan jobbe sjølvstendig men også i team
      -    God kjennskap til aktuelle lovverk
      -   God kunnskap om og erfaring med bruk av digitale verkty
     -    God kjennskap til offentleg forvaltning
      -   Trivast med prosjektarbeid
     -    Ein medarbeidar som ser mulegheiter og tar initiativ

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

     -  Ein variert og spennande arbeidskvardag med gode faglege utviklingsmulegheiter
     -  Nødvendig opplæring/innføring i eit solid fagmiljø

     -  Kommunale tilsetjingsvilkår, løn etter avtale

     -  Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinfo:
Geirmund Dvergsdal
Plan og næringssjef
97197092

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!