SØKNADSFRIST: 15.12.2019
Ref. nr: 2019/2244
Det lyses ut 2 x 100 % faste sjukepleiarstillingar. Arbeid på dag, kveld og natt med arbeidshelg kvar 3. veke.
Hjartdal kommune bygger nytt omsorgssenter i Sauland og bygget vil stå klart til bruk hausten 2020. Det nye omsorgssenteret vil bestå av 8 nye omsorgsplasser, samt 19 sjukeheimsplassar fordelt på små avdelingar. For tida leier vi lokalar til sjukeheimen på Notodden.
Dei som blir tilsett må leggja fram gyldig politiattest.
Kopi av vitnemål og attester leverast i forbindelse med intervjuet.
Den som blir tilsett må ha evne til å lære seg bruk av teknisk utstyr, ha generelle datakunnskapar og bidra til kvalitetsforbetring av tenesta.
Den som blir tilsett må være personleg egna for stillinga.
Sissel Brenna Skogholt, einingsleiar omsorg, tlf. 35 02 80 70.
Søknad med CV sendast til postmottak@hjartdal.kommune.no eller Hjartdal kommune, Servicekontoret, 3692 SAULAND. Merk søknaden med ref. nr. 2019/2244.
Søknadsfrist: 15.12.2019
Hjartdal kommune ligg i Aust-Telemark med grense til kommunane Notodden, Tinn og Seljord. Kommunen har ca. 1600 innbyggarar og er ein triveleg kommune med gode og trygge oppvekstvilkår. Kommunen består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune med flott natur for opplevingar og friluftsliv.