06/11/2019

ID276 - 100% fast stilling som rekneskapsrådgjevar – Økonomiavdelinga.

  • Seljord kommune
  • Seljord, Norge
Administrasjon - Økonomi

Beskrivelse

 

SØKNADSFRIST: 15.11.19

Alle ledige stillingar i Seljord kommune vert lyst ut med vilkår om vedtak om tilsetting i administrasjonsutvalet 27.02.2019. Årsaka til dette er
at vi er i ein innsparingsprosess, og alle ledige stillingar skal opp til vurdering i administrasjonsutvalet. Unntak frå dette er stillingar i turnus innan helse og omsorg, barnehagestillingar og undervisningsstillingar.
Vi gjer merksam på at Seljord kommune berre tek i mot elektroniske søknadar. Du finn lenke til elektroniske søknadsskjema i utlysingsteksten til dei einskilde stillingane.

Vi søker etter ein rekneskapsrådgjevar til ledig, fast inntil 100 % i stilling. Stillinga tilhøyrer økonomiavdelinga og er leia av økonomisjefen. Vi søkjer etter ein person med økonomifagleg utdanning på minimum bachelornivå. Det er ønskjeleg med god kjennskap og erfaring frå økonomi- og rekneskapsarbeid, helst frå kommunal sektor. Den som blir tilsett må vere sjølvstendig, ryddig, effektiv, fleksibel og løysingsorientert med gode evner til samarbeid. Vedkomande må vere serviceinstilt, analytisk og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Dei personlege eigenskapane som nemnt over vil bli vektlagd.

Det er ynskjeelg med tilsetting så raskt som råd, og seinast 01.01.2020.

Hovudarbeidsoppgåver vil vere:

  • Føre rekneskap for Seljord kommune og Seljord kyrkjeleg fellesråd
  • Assistere og rådgje leiarar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
  • Anna førefallande merkantile oppgåver

Vi tilbyr:

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Pensjon frå KLP
  • Løn etter avtale

For den rette personen vil dette vere ein variert og spennande jobb ein kan utvikle seg i. Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med økonomisjef Halgeir Brekke på tlf.: 35065111. 

Søk via elektronisk søknadsskjema her

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!