05/11/2019

Sjukepleiar i fast stilling (Natt) ved Osterøytunet søkjast!

  • Osterøy kommune
  • Osterøy, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 26.11.2019

Osterøytunet er ein moderne sjukeheim, bygd i 2004, med 56 einsengsrom fordelt på to avdelingar . Kvar avdeling har 3 grupper. Institusjonen har eigen lege. Osterøytunet ligg på Osterøy, 35 minuttar kjøring frå Bergen sentrum. Osterøy kommune har behov for auka sjukepleiarressurs i nattenesta.

Me treng difor 3 sjukepleiarar i fast 59,15% stilling frå mars-20. Oppstart 16.03.20 eller etter nærare avtale.

Natt-tenesta har base på Osterøytunet og gir tenester til pasientar og brukarar både på institusjonen og til heimebuande i heile kommunen. Arbeidet er variert, og fagleg utfordrande. Som sjukepleiar skal du yta tenester til pasientar på ein fagleg forsvarleg, respektfull og omsorgsfull måte. Tenesta skal ytast i tråd med vedtak og kommunale retningslinjer.

Arbeidsoppgåver

- Sjukepleieoppgåver til bebuarar i institusjon og heimebuande.

- turnus med arbeid kvar 3.helg

Kompetanse

Me søkjer etter personar med

-bachelor i sjukepleie (krav)

-gode norskkunnskapar i,munnleg og skriftleg (krav)

-gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Du

- har godt humør, er fleksibel og påliteleg

- har gode samarbeidsevner

- har fokus på å støtte, motivere og inspirere kollegaer

- har fokus på fagutvikling og refleksjon

- har eit positivt menneskesyn

Vi tilbyr

God opplæring

Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling

Lønn etter tariff og ekstra tillegg for nattarbeid

Anna

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansettelse.

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

Kontaktperson

Anne-Berit Greve, tlf: 56192502, mobil: 40806947, anne-berit.greve@osteroy.kommune.no 

Åse Vevle, Einingsleiar, tlf: 56192501, mobil: 91394014, ase.vevle@osteroy.kommune.no 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!