04/11/2019

Vernepleiar / sjukepleiar 100 % fast ved Heimetenesta

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.11.2019

Vi har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar.

Heimetenesta har ansvar for ulike oppgåver knytt til å førebygge, behandle og tilrettelegging for mestring av sjukdom, skade og nedsett funksjonsevne.

Vi ynskjer oss en vernepleiar/sjukepleiar med interesse for kvardagsrehabilitering og personsentrertomsorg (VIPS).
Vi jobbar målretta for å gi gode tenester og å skape et godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar:

* Autorisert sjukepleiar/vernepleiar
* Nasjonal norskprøve nivå 3/B1,bestått både munnleg og skriftlig
* Førarkort B

Vi ynskjer at du:

* Er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar
* Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
* Har gode IKT kunnskapar - (vi bruker Gerica-systemet)
* Liker utfordringar og er faglig fokusert
* Det blir lagt vekt på personlig eigenskapar

Vi tilbyr:

* Varierte arbeidsoppgåver med mogelegheit for å påverke og utvikle tenesta
* Kurs og opplæring
* Deltaking i faglig forum
* Støtte til relevant vidareutdanning
* Dyktige, inkluderande og hyggelige kollegaer/kvardagsheltar
* Konkurransedyktig lønn med eitt rekruttere/behaldetillegg på 25.000 kr i året (v/ 100% stilling)
* Eit bredt spekter av utfordringar med pasientar i alle aldersgrupper og ulike hjelpebehov
* Tredelt turnus m/ jobb kvar 3. helg (dag og kveld)

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga 

Anna:

Aktuelle søkjarar blir innkalla til intervju. Attestar og vitnemål må takast med til intervjuet.
  
Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Gol kommune praktiserar meiroffentlegheit og det skal derfor gode grunnar til at søknaden ikkje skal vera offentleg.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Navn: Marie Louise Cappelen Skråmestø
Tittel: Avdelingsleiar
Mobil: 91673952

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!