04/11/2019

Miljøterapeut, 93 % og 65 % fast, ved krisesenteret

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.11.2019

Frå 01.01.20 blir det ledig 93 % og 65 % faste stillingar som miljøterapeut krisesenteret. Tenesta ligg under Helseavdlinga, Psykisk helse og rus - Krisesenter

Hallingdal krisesenter og Psykisk helse- og rus-teneste, Gol, blir frå 01.01.20 slått saman, og den som blir tilsett blir ein del av heile denne tenesta og vil måtte kunne jobbe på tvers av tenesteområda.

Stillinga inngår for tida i 6- vekers langturnus med kvilande nattevakt og ei langhelg frå fredag til måndag Turnusen vil bli evaluert og kan bli endra i løpet av 2020.

Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale tenester som politi, barnevern, NAV, helsestasjon, skule og barnehage og andre relevante samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver:

* Praktisk bistand i kvardagen til brukarar
* Kartlegging av behov av oppfølging og tenester
* Støttande samtaler med barn, unge og vaksne
* Legge til rette for eigenutvikling og mestring hos brukar
* Utstrekt tverrfagleg samarbeid med andre kommunale tenester og heimekommune

Kvalifikasjonar:

* Helse-eller sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning

Vi ynskjer at:

* Du har relasjonskompetanse
* Du har erfaring frå relevant arbeid
* Du har familieperspektivet i arbeidet
* Du har gode verktøy for å utføre arbeidet

Vi søkjer:

Ein medarbeidar som er
* Engasjert og har pågangsmot
* Sjølvstendig
* God til å samarbeide og kan jobbe i team
* Er kontaktskapande og kan kommunisere med barn, ungdom og vaksne

Vi tilbyr:

* Spennande og meiningsfulle oppgåver
* Eit godt fagleg arbeidsmiljø
* Ei teneste som er i utvikling og under omorganisering

For stillinga gjeld:

* Lønn etter gjeldande tariffavtale
* Tenestepensjon

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga 

Anna:

Det vil bli kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000. Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Navn: Ingebjørg By Teigen
Tittel: Avdelingsleiar
Mobil: 91348300
Arbeid: 32029118

Navn: Marianne Ødegaard Müller
Tittel: Områdeleiar
Mobil: 91673947

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!