01/11/2019

Rådgjevar kart og planfag

  • Bykle kommune
  • Bykle, Norge
Arkitekt - Geografi - Landskap Ingeniør - Sivilingeniør Planlegging Rådgiver - Konsulent

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 22.11.2019

Vil du vere med å løfte oss?

Bykle kommune er staden for faglege utfordringar. Her kan du vere med i eit fagmiljø med eit stort trykk, i spennet frå store utbyggingsprosjekt med investorar til varig vern av natur og samhandling med regionale styresmakter. Kart og sjløvbetjeneingsløysingar vil vere stadig viktigare som verktøy og som kanal i samhandlinga med innbyggjarar, hyttefolk og næringsliv. I botnen må det vere kvalitetsikra kartdata for utveksling med aktørar osv. Det ligg ein del driftsoppgåve til stillinga knytt veldikehald av baser og matrikkelen. Vi treng deg med fagleg tyngde og med lyst til å vere med å løfte oss ekstra innanfor kart-/planfag, og digitalisering.

Hjå oss er du ein del av planavdelinga på Bykle rådhus, og i denne stillinga har du ansvar og oppgåver innanfor kart og planarbeid m.v.

Arbeidsoppgåver

  • GIS/geodata/geomatikk
  • Lage plankart på ulike plannnivå
  • Samarbeide med konsulentar om plandata, og sjekke innkomne digitale planar
  • Ajourhald av kommunen sine kartverk - FKB- data med mer
  • Oppdatere planinnsyn og kart på heimesida
  • Matrikkelføring - oppgåver etter matrikkellova (kart og delingsforretningar, matrikkelbrev mm)
  • Planarbeid i medhald av plan- og bygningslova
  • Oppmålingsforretningar
  • Andre oppgåver kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Master eller bachelor utdanning, gjerne med vekt på kart/GIS/geodata/planfag
  • God kjennskap til bruk av GISLINE- produkta/ Norkart - program
  • Ønskjeleg med erfraing frå oppmåling
  • Gjerne godkjent matrikkelførarkurs
  • Erfraring frå offentleg forvaltning
  • Den som blir tilsett må ha førarkort minimum klasse B

Personlege eigenskapar

  • Rydding og serviseinnstilt
  • Fagleg trygg
  • Gode kommunikasjonsevner både skriftlig og munnleg

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
  • Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter kvalifikasjonar, etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe budstad
  • Flyttegodgjersel etter eige reglement

Kontaktinformasjon

Signe Sollien Haugå, Plansjef, 379 38542

 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!