05/08/2018

By- og tettstadsutviklar / Rådgivar - arkitekt 2. g. utl.

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Molde, Norge
Arkitekt - Geografi - Landskap Rådgiver - Konsulent

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 20.08.2018

Om staden

Fylkeskommunen søker etter ein person i hundre prosent fast stilling som rådgivar på by- og tettstadutvikling. Stillinga er lagt til regional- og næringsavdelinga. Avdelinga arbeider med å utvikle attraktive lokalsamfunn, sikre berekraftig vekst, auke verdiskaping og nyetablering og stimulere til innovasjon. Avdelinga har 30 tilsette med høg og variert kompetanse og har eit bruttobudsjett på 150 mill. kroner.

Opplysningar om stillinga

Du vil arbeide med problemstillingar som: Kva bør sentrum innehalde for at byane og tettstadane våre skal bli meir attraktive? Korleis kan vi legge til rette for meir aktivitet slik at folk møtes? Kan vi sikre både folkehelsa og miljøet ved å planlegge for mindre bilbruk? Korleis kan eit moderne sentrum formidle historia til staden?

Fylkeskommunen arbeider med by- og tettstadutvikling frå ulike faglege ståstader. Til saman har vi eit stort og allsidig fagmiljø, og du vil bidra til å samordne fylkeskommunen sin innsats. Vi deltek aktivt i prosessar saman med kommunane, næringsliv og interesseorganisasjonar og følger prosjekta frå idé til resultat. Vi gir faglege råd om val av løysingar, bidrar til å koordinere ulike interesser og formidlar kunnskap og erfaring.

Oppgåver og ansvar

- Planlegging, rådgiving og formidling av kunnskap og erfaring i by- og tettstadutviklingsprosjekt
- Delta og påvirke i prosessar saman med kommunar, konsulentar, lokalt næringsliv, interesseorganisasjonar og andre
- Bidra til å koordinere fylkeskommunen og andre aktørar sin utviklingsaktivitet i byar og tettstader
- Vurdere og gi tilbakemelding på kommunale planar
- Saksbehandling av tilskot til by- og tettstadprosjekt

Krav til kompetanse

- Vi søker etter deg som har høgare utdanning innan arkitektur, urban design, stadutvikling eller planlegging
- Du må forstå kva det inneber å jobbe i utviklingsprosessar og ønske å bidra aktivt til god by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal
- Du bør ha tydeleg munnleg og skriftleg formidlingsevne og kunne jobbe sjølvstendig og ta eigne initiativ
- Erfaring frå fagområdet og kjennskap til offentleg forvaltning og politikk vil vere ein fordel

Vi tilbyr

- Eit utviklingsorientert og særs allsidig fagmiljø
- Faglege utfordringar, med stor fridom i oppgåveløysinga
- God tilgang til faglege nettverk, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på utvikling for kvar medarbeidar
- Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemskap i KLP)
- Tiltreding og løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Mangfald

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. 

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Kontakter
Eivind Vartdal Ryste
ass.regional- og næringssjef
E-post eivind.vartdal.ryste@mrfylke.no 
Mobil 90992406
Arbeid +4771280216

Bergljot Landstad
regional- og næringssjef
E-post bergljot.landstad@mrfylke.no 
Mobil 90089213
Arbeid +4771280213

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå