26/08/2019

Avdelingsleiar i heimetenesta

  • Osterøy kommune
  • Osterøy, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 22.09.2019

Kort om stillinga

Heimetenesta har ledig stilling som avdelingsleiar i HTA kap. 4. Heimetenesta held til i heilt nye lyse lokalar i Lonevåg,og yter tenester til heimebuande i heile kommunen. Eininga er ei av dei største i kommunen, med rundt 45 årsverk. Eininga er i kontinuerleg utvikling for å møte dei forventningar og krav som blir stilt innan dagens pleie og omsorgstenester. Leiinga i eininga består av ein einingsleiar og to avdelingsleiarar.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene består i å sikre dagleg drift og i stillinga ligg personalansvar for medarbeidarar i di avdeling.

Avdelingsleiar arbeider tett saman med einingsleiar, fagkoordinator og andre i sektoren. Vi nyttar fagsystemet CosDoc,

WebSak og Visma for ajourhold, personal og turnusarbeid.

Du

- har fokus på fagutvikling og refleksjon

- kan planleggja og følgja opp kompetansetiltak

- kan planleggja og gjennomføra medarbeidersamtaler

- kan vere med å bidra å nå mål som ligg i sektoren og eininga sin strategi.

- har kunnskap om og kan følgje opp sjukefråvær

- har godt humør og er fleksibel

Kompetanse

Minimum treårig sjukepleiar høgskuleutdanning er eit krav i tillegg til krav om leiarerfaring. Dersom du ikkje har leiarutdanning er det ynskeleg at du er motivert til å ta ei slik utdanning. Det er ynskeleg med erfaring/utdaning innan kvardags/rehabilitering.

Du må ha gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid er ei føremon.

Oppdatert kjennskap til tenesta er og ei føremon.

God kjennskap til og erfaring med utarbeiding av turnus.

Vi søkjer

Vi søkjer ein tydeleg og trygg avdelingsleiar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, men som òg kan arbeide systematisk og sjølvstendig. Fleksibilitet, struktur, delegeringsevne, evne til å motivere andre og til å vere ein lagspelar er og ynskeleg. Gode datakunnskapar er nødvendig. Vi ynskjer søkjarar med interesse for å arbeide i eldreomsorga og som vil bidra aktivt i utforminga av tilbodet til våre brukarar.

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Løn etter gjeldande tariffavtale.

Anna

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansettelse.

Vi oppfordrar menn til å søke.

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

Kontaktperson

Anne Berit Skjelfjord Jørgensen, Avdelingsleder, tlf: 56192613, mobil: 40806942, anne.jorgensen@osteroy.kommune.no 

Kristin Ruud Myking, tlf: 56192119, mobil: 99010087, kristin.ruud.myking@osteroy.kommune.no 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!