15/08/2019

Driftsteknikar / fagarbeidar ved teknisk drift

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.09.2019

Bremanger kommune har ledig ei 100% stilling som driftsteknikar/fagarbeidar, frå 01.oktober, for tida i Davikområdet. 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Drift og vedlikehald av kommunale bygningar
  • Tilsyn med vassverk og avlaupsanlegg
  • Tilsyn av kommunale vegar
  • Følgje opp innleigde handverkarar, leverandørar og serviceavtaler
  • Internkontroll og HMT-rutinar

Oppmøtestad er Davik, og arbeidsområdet er i hovudsak Davik og omeng.

Kvalifikasjonar for stillinga:

• Relevant fagbrev til dømes: Byggdriftar, tømrar, røyrleggjar. Fagbrev kan eventuelt erstattast av dokumentert erfaring frå tilsvarande arbeid
• Praksis innan bygg/anlegg
• Kjennskap til data
• Førarkort i kl. B og C

Vi søkjer etter ein person som er positiv og arbeidsvillig og har gode evner til både samarbeid og sjølvstendig arbeid. Den som vert tilsett må kunne nytte norsk både munnleg og skriftleg.

Vi kan tilby: 

• Løn etter avtale
• God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
• Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkar bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Dersom du ønsker unntak frå offentleg søkarliste må du grunngje det særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen. 

Alle søkarar til ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Kontaktpersonar:
Gunnar Yttrehus 
tlf: 90110790 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!