15/08/2019

IKT-konsulent - Løysingsarkitekt

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Ingeniør - Sivilingeniør IT

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.09.2019

Kommunane i Hallingdal samarbeider om IKT-løysingar, tufta på felles innkjøp og drift av datasenter, programvare, maskinvare, interkommunalt nettverk og telefoni-/kommunikasjonssystem. Løysingane vert drifta av IKT Hallingdal, som har utvikla seg frå eit samarbeid mellom dei IKT-tilsette i dei seks kommunane i Hallingdal, til ein interkommunal teneste med 16 tilsette samt lærlingar.

IKT Hallingdal driftar IKT-løysingar for 5 000 tilsette og elevar. Det vert levert tenester til kommunale og interkommunale verksemder og over 20 skuler i regionen.

Arbeidsoppgåver:

Overordna mål er at kommunane kan gjera seg nytte av data frå ei mengd fagsystem eller eksterne register i dialog med innbyggar eller for andre fagsystem. Stillinga har hovudansvar for integrasjonar og dataflyt.

  • Prosjektleiar for nye integrasjonar mellom fagsystem (dataflyt): koordinere leveransen frå leverandør, følgje opp interne fagressursar i kommunane og ved IKT Hallingdal.
  • Lage og vedlikehalde tenester for integrasjonar mellom fagsystem: gjere nytte av eksport frå fagsystem til import i andre fagsystem.
  • Forvalte og drifte Microsoft Identity Manager (MIM).
  • Teknisk ressurs for faggrupper, også i dialogen med leverandørar: formidle og følge opp problemstillingar med teknisk fokus.
  • Ta del i andre driftsoppgåver ved IKT Hallingdal.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, eller god, relevant og dokumentert realkompetanse.
  • Gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne

Vi søkjer - personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjonsevner med alle nivå i ein organisasjon, med fokus på å forstå behov, finne tekniske løysingar og gode arbeidsprosessar - du må ha god dialog med både kunde/brukar so vel som teknisk personale.
  • Ynskje etter å lære meir om kva som gjer arbeidsprosessar enklare og sikrare.
  • Evne til å sjå heilskapen - skape logisk og effektiv arbeidsflyt ved bruk av tilgjengelege data.

Vi ynskjer at:

  • Du har erfaring som utviklar av system/programvare, slik som bruk av Visual Studio, C#, Javascript, HTML, CSS, Powershell script, Azure tenester og IIS.
  • Du kjenner til utvikling og bruk av API (XML, JSON, SOAP).
  • Du kjenner til handsaming av sertifikat.
  • Du har erfaring med eller god kjennskap til mellomvare med fokus på handsaming av identitetar og integrasjonar (dataflyt) mellom fagsystem.
  • Du har delteke aktivt i prosjekt eller som prosjektleiar med bruk av relevant prosjektmetodikk.
  • Du kjenner godt til Microsoft Active Directory og tilhøyrande infrastruktur.
  • Du har kunnskap om produkt og tenester i Office 365, også Azure AD (AAD), EM+S, Teams, SharePoint.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i det største IKT-miljøet i regionen Hallingdal.
  • Moglegheiter for utvikling i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Fagleg rettleiing og mogelegheit for vidareutdanning.
  • Fleksibel arbeidsplass og arbeidssituasjon.
  • God pensjonsordning i KLP.
  • Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass.

For stillinga gjeld:

  • Løn og tilsetting i samsvar med arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og KS Hovudtariffavtale.
  • Ved tilsettinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. 

Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Navn: Erling Torkelsgard
Tittel: Dagleg leiar
Arbeid: 32078605

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!