13/08/2019

Rektor ved Søre Øyane barneskule

  • Os kommune i Hordaland
  • Os, Hordaland, Norge
Ledelse Rektor - Styrer Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 26.08.2019

2.GANGS UTLYSING

Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Søre Øyane barneskule med snarleg tiltreding.

Vi søkjer deg som vil vere ein kompetent, open og engasjert skuleleiar i Os og Bjørnafjorden kommune. Som skuleleiar i Os og Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Os kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. 

Arbeidsstad

Søre Øyane barneskule ligg på Sundøy i Os kommune i eit idyllisk og maritimt miljø.Vi er ein skule i vekst, med 127 elevar frå 1.-7.trinn. Satsingsområda til skulen er lesing og sosial kompetanse. I tillegg har vi ei lokal tilpassing innan det maritime i vår læreplan. Vår visjon: -samhald og meistring

For meir informasjon om skulen, sjå skulens heimeside: http://www.soreoyane.gs.hl.no 

Arbeidsoppgåver

- Å leie skulen sitt leiarteam
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. Søkjarar 
må ha særs gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Os og Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Ønska kvalifikasjonar

- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse
- Relevant leiarerfaring 
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert og god på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede 
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar 
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
- Leiarstøtte og mentor -ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.

Kontakter

Navn: Per Olav Sørås
Tittel: Fagsjef skule- og barnehagar
E-post: pos@os-ho.kommune.no 
Mobil: 916 54 094
Arbeid: 56 57 50 72

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!