08/08/2019

Fleire ledige stillingar i pleie- og omsorgstenesta

  • Eidfjord kommune
  • Eidfjord, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 31.08.2019

Bygdaheimen har fleire faste stillingar ledige.

Merk søknadsskjemaet med arkivsakid 19/515 og kva stilling du søkjer på.

Bygdaheimen er basen i Eidfjord kommune si pleie- og omsorgstenesta. Sjukeheimen er heilt ny og ligg nydeleg til på Brotkanten. Tenesta er integrert, noko som betyr at dei tilsette arbeider fleksibelt både på sjukeheimen og i heimetenesta. Ti nye omsorgsbustader i tilknytning til Bygdaheimen er under bygging. Me har mange dyktige tilsette, men treng fleire.

Fylgjande faste stillingar er no ledige:

  • 100% stilling for sjukepleiar frå 15.10.19
  • 60% stilling for helsefagarbeidar ledig frå no
  • 50% stilling for helsefagarbeidar ledig frå 01.09.19
  • 65% stilling for helsefagarbeidar ledig frå 01.10.19
  • 14% helgevakter frå snarast (assistentar)

Søkjarar til helsefagarbeidarstillingane som kan ta på seg ansvarsvakter og ev. arbeida i heimetenesta vil verta føretrekte. Om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan assistentar verta tilsette i helsefagarbeidarstilling inntil eit år.

Løn og rekrutteringstillegg

Løn etter gjeldande tariff. Me har eit- rekrutteringstillegg for sjukepleiar på kr. 15.000 årleg. For helsefagarbeidarar som tek ansvarsvakter har me ekstra godtgjering på kr. 12.000 årleg.

Arbeidstid

Arbeidstida vert gjennomsnittsberekna med arbeid i snitt tredje kvar helg. Pleie- og omsorg har innført årsturnus slik at du har høve til å påverka arbeidsbolkane sjølv.

Spørsmål om stillingane

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med avdelingsleiar Margunn Lægreid eller einingsleiar Gunn H. Sandvik, tlf. 53 67 35 70.

Merk søknaden med arkivsakid 19/515 og kva stilling du søkjer på.

 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!