08/08/2019

Sjukepleiar 100% vikariat, Osterøytunet

  • Osterøy kommune
  • Osterøy, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 31.08.2019

Kort om stillinga

Osterøytunet har ledig vikariat 100% stilling for sjukepleiar til over sommaren 2020, med moglegheit for fast stilling.

Oppstart etter nærare avtale . Ledig turnus er for tida i 1.etg som er tilrettelagt for personar med demens sjukdom. 75% av stillinga høyrer til i ei gruppe og moglegheit for 25% i ressursbank, om ynskjeleg.

Osterøytunet er ein moderne sjukeheim, bygd i 2004, med 56 einsengsrom fordelt på to avdelingar . Kvar avdeling har 3 grupper. Institusjonen har eigen lege.

Me har særleg fokus på ernæring og aktivitet. Som sjukepleiar skal du yta tenester til pasientar på ein fagleg forsvarleg, respektfull og omsorgsfull måte. Tenesta skal ytast i tråd med vedtak og kommunale retningslinjer. 

Arbeidsoppgåver

- Sjukepleieoppgåver i gruppe med 9 pasientar. Områdesjukepleiar på nokre kveld og dagvakter.
- turnus med arbeid kvar 3.helg , dag - og kveldsvakter

Kompetanse

Me søkjer etter personar med
-bachelor i sjukepleie (krav)
-relevant vidareutdanning eller erfaring med arbeid innan demens er ynskjeleg
-gode norskkunnskapar i,munnleg og skriftleg (krav)
-gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Du 
- har godt humør, er fleksibel og påliteleg
- har gode samarbeidsevner
- har fokus på å støtte, motivere og inspirere dei andre i gruppa
- har fokus på fagutvikling og refleksjon
- har eit positivt menneskesyn 

Vi tilbyr

God opplæring
Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
Lønn etter tariff 

Anna

Ved tilbod om stilling må det leggjast fram politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd.
Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetjing 

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

Kontakter

Navn: Åse Vevle
Tittel: Einingsleiar
E-post: ase.vevle@osteroy.kommune.no 
Mobil: 91394014
Arbeid: 56192501

Navn: Anne-Berit Greve
Tittel: Avdelingsleiar
E-post: anne-berit.greve@osteroy.kommune.no 
Mobil: 40806947
Arbeid: 56192502

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk her!