08/08/2019

Avdelingsleiar brannførebyggjande avdeling

  • Sogn brann og redning IKS
  • Sogndal, Norge
Brannvern Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 23.08.2019

SBR består av:
Forebyggende avdeling: 3 inspektørar, 1 feieformann og 4 feiarar. 
Beredskapsavdelinga: 5 brannstasjonar, 1 bi-stasjon og 2 depot og omlag 100 tilsette på deltid og heiltid.

Første mai 2011 tok SBR over alle oppgåver med heimel i brannlova, som t.d. søknader om oppskyting/sal av fyrverkeri, tilsyn med og oppfølging av særskilte brannobjekt, feiing og bustadtilsyn, samt beredskap i forbindelse med brann og andre ulykker. Frå juni 2012 har vi også ansvar for byggtilsyn i dei fem eigarkommunane.

Vi søker nå etter ein tydeleg, motivert og inkluderande avdelingsleiar for brannførebyggande avdeling. Avdelinga har m.a. ansvar for tilsyn med særskilte brannobjekt, feiing, bustad- og byggjetilsyn og arbeid med utsette grupper.

Brann Norge er stadig i endring og krev nye kvalifikasjonar og vilje til utvikling av seg sjølv og sine medarbeidarar. Rette kandidaten har evne og vilje til å sjå og nytte trendar og utviklingstrekk i samfunnet for å forbetre og utvikle eit meir treffsikkert brannførebyggande arbeid.

Ut ifrå personalgruppa si samansetning vert kvinner oppmoda til å søkje!

Stillinga inngår i selskapets leiargruppe, som består av brann og redningssjef, varabrannsjef/leiar beredskap og leiar førebyggande. Gruppa samarbeider tett med tillitsvalte i arbeide med å vidareutvikle SBR.

Arbeidsoppgåver

- Resultat, budsjett- og personalansvar.
- Strategi,- mål- og resultatstyring.
- Leiing og koordinering av avdelingas daglege arbeid.
- Rettleie og motivere dei tilsette.
- Utvikle samarbeidsrelasjonar på tvers av fag og opp mot kommunar og andre naturlege samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar

- Det er fastsett forskriftsmessige krav til kompetanse for stillinga. Kandidatar som ikkje oppfyller kravet, må forplikte seg til å ta utdanninga i ettertid.
- Leiarutdanning og HR/leiarerfaring (minimum 5 års leiarerfaring).
- Relevant høgskuleutdanning på minimum bachelor nivå.
- Erfaring frå brannførebyggande/samfunnstryggleiks arbeid.
- Erfaring frå arbeid med risikovurdering og analyse.
- Lang relevant erfaring frå tilsvarande stillingar kan kompensere for formell utdanning.
- Der er ynskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning.

Eigenskapar

- Proaktiv.
- Tydeleg.
- Inkluderande.
- Ny-tenkjande og utviklingsorientert.
- God relasjonsbygger, god på å "selje" det brannførebyggande arbeidet.
- Kunne nytte sosiale medium til å formidle bodskapen.
- Vi ønsker å knytte til oss personer som kan vere med å påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin faglege og personlege kompetanse, derfor er personlege eigenskaper viktig for oss.
- Du må vere robust og i stand til å takle endring og travle dagar.
- Du er trygg med å halde føredrag og presentasjonar (god formidlar).

Vi tilbyr

- 100% fast stilling frå snarast.
- Meiningsfull og samfunnsnyttig jobb.
- Fagmiljø med motiverte medarbeidarar.
- Utfordrande leiaroppgåver og store moglegheiter for å utvikle det brannførebyggande arbeidet.
- Godt arbeidsmiljø.
- Fleksitid.
- Avhengig av kvalifikasjonar kan det på sikt vere aktuelt å inngå i vaktordning ved beredskapsavdelinga.
- Løn på avdelingsleiar nivå.
- Kommunal pensjonsordning.

Andre opplysingar

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet Telefon/Mobi privat" i den elektroniske søknaden.

Spesielle vilkår for stillinga

- Den som vert tilsett må forplikte seg til å ta nødvendige kurs ved Norges brannskole. SBR dekkjer kostnadene.
- Ved tilsetting må politiattest leggast fram, jf. paragraf 18 i Brann- og eksplosjonsvernlova.
- Aktuelle kandidatar må vere førebudd på at det vert gjennomført ein bakgrunnssjekk.

Sogn brann og redning søker motiverte medarbeidarar som er engasjerte, kompetente, opne og pålitelege. Selskapet er ungt og tenesta er i utvikling med omsyn til kvalitet, arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette.

For meir informasjon om selskapet, sjå: www.sognbrann.no.

Informasjon og søknad:

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no/ledige-stillingar.
For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling. 
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Kontakter

Navn: Vidar Trettenes
Tittel: Brann- og redningssjef
E-post: vidar.trettenes@sognbrann.no 
Mobil: 900 37 256

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!