07/08/2019

Sjukepleiar - 100% og 75% fast i Osterøy kommune, Heimetenesta

  • Osterøy kommune
  • Osterøy, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 25.08.2019

Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig ei fast stilling på 100% og ei fast stilling på 75% som sjukepleiar i Hauge Bufellesskap.

Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.

Øya har nydeleg natur frå fjord til fjell.

Hauge Bufellesskap er ein del av heimetenesta og inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følgjer same retningsliner som andre heimebuande. Sjukepleiaren har eit overordna ansvar på si vakt. Det inneber faglege vurderingar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og bebuarar. Hauge bufellesskap har heildøgns bemanning med eigne nattevaktar.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til nødvendig helsehjelp i henhald til helse- og omsorgstenestelova, og vi har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheitar for viderutvikling. Heimetenesta er i stadig utvikling, og er i gong med fleire spanande prosjekt som velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og digihelse. I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innanfor ulike fagfelt, til dømes palliasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Omsorg til menneske i deira eige heim.
  • Oppfølging av ein ressurskrevande brukar.
  • Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressusar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.
  • Faste møter med fleire samarbeidspartar

Kompetanse

  • Krav om autorisasjon som sjukepleiar
  • Fordel med relevant viderutdanning
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi har CosDoc som dokumentasjonsprogram)
  • Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Viser omsorg for andre
  • Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande
  • Punktleg og stukturert
  • Fleksibel og endringsvilleg
  • Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Avanserte sjukepleiaroppgåver
  • Fokus på velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering
  • Tverfagleg samarbeid
  • Nært kollegialt fellesskap
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjonsvilkår
  • Moglegheitar for vidarutdanning

Anna

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Førerkort klasse B er påkrevd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansettelse.

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

Kontaktperson

Anne Berit Skjelfjord Jørgensen, Avdelingsleder, tlf: 56192613, mobil: 40806942, anne.jorgensen@osteroy.kommune.no 

Ingrid Louise Mosevoll Aglen, Avdelingsleiar i heimetenesta, tlf: 56192611, mobil: 45376179, ingrid.louise.mosevoll.aglen@osteroy.kommune.no 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!